Indre Sogn: Tala frå SSB viser at folketalet går ned i dei fleste kommunane i regionen.
Høgst nedgang var det i Aurland kommune, som gjekk frå 1778 til 1764 innbyggjarar frå 2018 til 2019, ein nedgang på -0,8 prosent.
Andre kommunar som opplevde nedgang i folketalet er Årdal, Luster, Leikanger, Vik og Lærdal.
- Les òg: Folketalet her veks mest i fylket, ordførar takkar framsnakkande lustringar
- Les òg: Senterleiaren ser positivt på framtidas handel: – Men me må veksa i folketal
Folkeauke i Sogndal
Av kommunane i Indre Sogn var det berre to som kunne melde om auke i folketalet, Balestrand og Sogndal.
Sogndal hadde høgst auke, då dei gjekk frå 8059 til 8191 innbyggjarar, som er ein auke på 1.6 prosent. Balestrand gjekk frå 1262 til 1279 innbyggjarar, ein auke på 1,3 prosent.
