GRUNN TIL Å SMILA: Ordførar Ivar Kvalen kan konstantera at innbyggjartalet i Luster veks mest i heile fylket.
GRUNN TIL Å SMILA: Ordførar Ivar Kvalen kan konstantera at innbyggjartalet i Luster veks mest i heile fylket. (Foto: Arkiv)

Folketalet her veks mest i fylket, ordførar takkar framsnakkande lustringar

Medan folketalet går drastisk ned i resten av fylket, kan ordførar Ivar Kvalen ønskja velkomen stadig fleire lustringar. Sjå korleis utviklinga var i din kommune nedst i saka!

Luster: Medan folketalet i fylket gjekk kraftig ned i dei tre første månadane i året, utmerka Luster seg som kommunen med størst vekst.

Heile 17 personar kan kraftkommunen plussa på innbyggjartalet. Sjå tabell nedst i saka.

– Det er få ting som er så kjekt for ein ordførar. Tre månadar er ein kort tidshorisont, men Luster har vore i fin flyt dei siste åra. Frå 2009 og fram til i dag har me hatt fin vekst i folketalet, seier Ivar Kvalen. 

Denne gongen kjem nesten heile veksten takka vera tilflytting, men Kvalen minner om at dei så seint som i fjor registrerte rekordstore kull med ungar. 

– Me håpar at 2018 blir like bra, seier han.

Stor tilbakegang i fylket

I fylket gjekk folketalet ned med 161 personar. Fødselsunderskotet var på 77, medan 84 fleire flytta ut enn inn i fylket. Størst var nedgangen i Flora med, der sank innbyggjartalet med 44 personar i første kvartal.

I Indre Sogn peikar Årdal (– 13) og Lærdal (– 7) seg negativt ut. 

– Det er synd at folketalet går ned totalt sett i fylket. Det har eg ikkje noko god forklaring på, men det gjer det til ein ekstra bra prestasjon at me går fram, seier Kvalen.

Bortsett frå Luster, veks òg Sogndal med fem personar og Vik med sju personar i Indre Sogn. Sogndal har størst fødselsoverskot med 8 personar. Kommunen er samstundes ein av berre fire i fylket der det vart fødd fleire ungar enn dei som døydde.

Kallar lustringane gode ambassadørar

Når den samla tilflyttinga i fylket òg går i minus, vert det er ein urovekkande kombinasjon.

– Folketalsutvikling er viktig av fleire grunnar, ikkje minst økonomiske. Samstundes er det er ei temperaturmåling på om du har lukkast med mange av dei tinga me driv med i kommunen, seier Kvalen.

Han meiner ein spanande arbeidsmarknad, gode kommunale tenester, ikkje minst skular og barnehagar, som er viktige for å lokka til seg barnefamiliar, ein variert bustadmarknad, flotte friluftsmoglegheiter og eit godt kulturtilbod er nokre av forklaringane på kvifor kommunen er attraktiv.

– Samstundes er dine eigne innbyggjarar ofte dei beste ambassadørane for å få nye tilflyttarar. Eg veit at lustringane er stolte av kommunen sin og reklamerer godt for han. Slik sett fortener dei ein stor del av takken seier Kvalen.

Luster mest fram, Årdal mest tilbake i Indre Sogn:

Kommune Fødselsoverskot Netto innflytting Folkevekst 31. mars
Fylket –77 (234–311) –84 –161 110 069
Vik 0 (10–10) 7 7 2 681
Balestrand –1 (1–2) 1 0 1 262
Leikanger –1 (4–5) –4 –5 2 340
Sogndal 8 (23–15) –3 5 8 064
Aurland –9 (4–13) 6 –3 1 775
Lærdal –6 (4–10) –7 –13 2 140
Årdal –10 (13–23) –6 –16 5 261
Luster 1 (11–10) 16 17 5 240
Indre Sogn –18 (70–88) 10 –8 28 763
Til toppen