ÅRDAL OG HØYANGER: Dei neste åra vil personar som er over 70 år eller eldre mest truleg auka frå 12 til 21 prosent i Vestland.
ÅRDAL OG HØYANGER: Dei neste åra vil personar som er over 70 år eller eldre mest truleg auka frå 12 til 21 prosent i Vestland. (Foto: Guillaume Baviere / Arkiv)

Folketalet i Årdal minkar og Høyanger får auke i talet eldre

Det viser Statistisk sentralbyrå (SBB) sine ferske regionale befolkningsframskrivningar mot 2050.

Sogn: Det er aldring og sentralisering som kjem til å prega utviklinga av befolkningen i regionen dei neste 30 åra. Det melder NRK

– Årdal og Vik er eksempel på kommunar med lågare venta folketal i 2050 enn i 2020, med ein reduksjon på høvesvis 23 og 18 prosent, seier SSB-forskar Sturla Løkken.

Gode nyheiter for Sogndal, men stor del eldre i Høyanger og Årdal

Dei neste åra vil talet på personar som er over 70 år eller eldre mest truleg auka frå 12 til 21 prosent i Vestland. Sogndal kommune er derimot venta å, saman med Bergen, ha den yngste befolkningen med berre 19 prosent eldre. 

I 2020 har Bremanger og Hyllestad 20 prosent eldre.

– Hyllestad er fortsatt eldst i 2050, saman med Høyanger og Årdal. Alle med 30 prosent av innbyggjarane som er 70 år og eldre, sier Løkken.

Det er venta at nesten alle kommunane i landet vil få fleire som er eldre enn 65 år enn yngre i aldersgruppa 0-19 år. Ein del kommunar i Vestland har i dag fleire eldre enn yngre, til dømes Solund, Vik og Hyllestad. 

Til toppen