Filefjell: Omlag 200 personar møtte opp då Statens vegvesen inviterte til tunellmarsj i den 2,1 km lange Rødølstunellen. Tunellstrekningen er ein del av prosjektet E16 over Filefjell som strekk seg frå Øye i Valdres til Borlaug i Lærdal.
Dei som møtte opp blei transporterte frå Eidsbru til austenden av tunellen med buss. Vandringa gjekk tilbake til Eidsbru og undervegs blei det halde ein gjennomgang av dei elektroniske sikkerheitssystema.
Opningsdato for tunellen er enno ikkje bestemt. Det var forventa at tunellen skulle vera opna før jul, men i desember opplyste vegvesenet at dei ikkje kom til å opna for trafikk, blant anna på grunn av at elektroarbeidet og testinga av styringssystemet har gått for sakte.