Sandra Opheim, varaordførar i Årdal kommune. Foto: Privat.
Sandra Opheim, varaordførar i Årdal kommune. Foto: Privat.

MEININGAR

Folkevegen og nasjonalparkfestivalen

MEINING: Vegen til Vetti, Folkevegen, er 40 år og jubileet vert feira og markert førstkommande søndag. Me skal feire den flotte vegen og markere det som er omtalt som Noregs største dugnadsprosjekt.

Om lag 1500 årdøler bidrog med tilsaman 50.000 dugnadstimar i løpet av dei 5 åra det tok å få vegen ferdig. Arbeidet gjorde Utladalen, ein av Europas djupaste dalar, tilgjengeleg for alle - på vegen mellom Hjelle og Vetti gard kan ein ta seg fram både til fots, på hjul og om vinteren på ski. 

I 1980 vart Utladalen landskapsverneområde og Jotunheimen nasjonalpark oppretta. Formålet med landskapsvernområdet var/er å verne eit vilt og vakkert vestlandslandskap med naturmiljø og kulturminne i tilknyting til Jotunheimen nasjonalpark, samstundes som områda skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske. 

Folkevegen er i dag svært populær, både blant innbyggjarane i Årdal og andre. Ramma kring 40 års jubileet er ein utvida Nasjonalparkfestival som set Vettisvegen inn i ein kontekst som er prega av Årdal i dag. Vegen er tatt i bruk av ein ny generasjon og Årdalssamfunnet forsøker å etablere fleire bein å stå på; I tillegg til å vere ein industrikommune satsar kommunen på å auke turistæringa. Me vil at fleire skal kome hit for å oppleve den vakre naturen, det kreative musikk- og kulturlivet og  spennande kontrastar som følgjer samspelet mellom industri, fjord og fjell i eit moderne og framtidsretta Årdal. 

Nasjonalparkfestivalen er ei flott ramme kring markeringa av jubileet. På programmet denne søndagen er det guida tur til Vettisfossen (Noregs finaste og høgste frittfallande foss), det er guida tur til idylliske Stølsmaradalen, det er laga quiz langs vegen for å gjere turen ekstra gøy og for å motivere særskilt barn til å gå den 4,8 km lange vegen. Det er også talar, føredrag og konsert i Vetti med meir denne dagen. Fint ver er det også meldt - det er berre å gle seg!

Komiteen som har planlagt både festival og jubileum har ikkje freista å få kjendisar til Årdal for å kaste glans over jubileet - bruken av vegen og Utladalen står i fokus og underteikna meiner det er eit godt val. Eit samla formannskap ytte stønad til Nasjonalparkfestivalen og til 40-års markeringa. Det gjekk godt fram av søknaden kva stønaden skulle brukast til; Eit arrangement og ei markering som er gratis og open for alle. 

Me gler oss over bruken og den auka populariteten til Utladalen. Me gler oss over den entusiasmen og engasjementet me ser i samband med det årlege dugnadsarbeidet som vert utført av eldsjeler i Utladalen og på Folkevegen. Det finst ikkje betre måte å prisa det svært imponerande prosjektet som fann stad for 40 år sidan, enn eit engasjement og ein dugnadsinnsats som vert oppretthalde år etter år for å halde vegen og område ved like. Koplinga mellom nasjonalparken, Folkevegen, festivalar i Årdal og reiselivssatsinga er elles heilt naturleg og ein føresetnad for at me skal lukkast med alle dei spennande prosjekta som er i gang i bygda vår. 

Eg gler meg til Nasjonalparkfestivalen og til å gå til Vetti søndag. Eg nyttar høve til å ynskje alle ein god tur - i ville og vakre Utladalen! Til lukke med nasjonalparkfestivalen og 40-års jubileet til Folkevegen! 

Sandra Opheim
Varaordførar i Årdal, Miljøpartiet Dei Grøne

Til toppen