Folksamt på Fjord til Fjell

Svært variert program, strålande vér og mykje folk. Sjå fotoalbum frå laurdagen av Fjord til Fjell her!

Årdal: – Det har gått veldig bra, me var kjempeheldige med véret og svært mykje folk har funne vegen til arrangementet, spesielt laurdag. God stemning, gode tilbakemeldingar og det ser ut til at folk har kosa seg. Oppmøtet på kveldane har også vore bra, oppsummerer Frank Eldegard, koordinator for Fjord til Fjell-dagane.

Fartsfylt laurdag

I tillegg til dei tradisjonelle matbodene og ein del salsboder, samt tivoli, vart løpet "Tangen på kanten" arrangert laurdag. For bil- og motorinteresserte må Årdalstangen kunne seiast å vera eit aldri så lite eldorado denne helga med motortreff der bilar og motorsyklar i alt av aldrar, fargar, fasongar og modellar samlast på Årdalstangen. Dette vart krydra med actionfylte framsyningar som motorsprenging og snøfresing midt på kaien.

– Det er bra at motortreffet har kopla seg på dei siste tre åra, me får ein meir allsidig basse med besøk frå mange ulike stader. Og det ønskjer me jo. I tillegg er det den identiteten Fjord til Fjell skal ha; at alt av lag og organisasjonar skal få vist seg fram og kva dei har å by på, seier Eldegard.

Rolegare søndag

Etter ein laurdag med mange fartsfylte innslag er søndagen rolegare.  Då blir det mellom anna arrangert musikkgudsteneste og beach-handball.

– Det er ikkje påmelde lag til handballen, så eg håpar det kjem litt folk, for det kan bli artig. Me får sjå korleis det går, seier Anne Kauppi frå Årdalstangen IL.

Seinare søndag ettermiddag serverer Hero eksotisk mat før Fjord til Fjell-dagane blir avslutta med billotteriet klokka 16 der vinnaren kan køyra heim i ein Peugeot 208 Active.

– Det er alltid spennande. Me selde veldig mykje lodd i går, fortel Kauppi.

– Kunne du tenkt deg bilen sjølv?

– Ja, det kunne eg faktisk.

 

 

Til toppen