ORMELID: Det er fin utsikt frå grasmarkene i Ormelid, langt oppi fjellsidene i Fortun.
ORMELID: Det er fin utsikt frå grasmarkene i Ormelid, langt oppi fjellsidene i Fortun. (Foto: Christin Sønnesyn)

Folksomt då lustringane feira DNT sitt 150-årsjubileum i Ormelid

Luster Turlag markerte den store dagen, søndag, i flotte omgjevnader i Ormelid i Fortun.

Luster: – Det var koseleg stemning og mange hyggelege folk, seier Oda Sønnesyn (14). 

Ho var ei av mange som tok turen til Ormelid denne søndagen for å få med seg 150-årsjubileumet til Det Norske Turlag. 

FOLKSOMT: Mange tok turen til Ormelid. Foto: Stein Bugge Næss

– Det var nesten 200 stykker som møtte opp. Det blei helsingar frå Luster Turlag, Oslo Turlag, Sogn og Fjordane DNT, og sjølvaste generalsekretæren i DNT, fortel ho.

Dansa til musikk

I tillegg var det musikk frå Labakkalaget.

– Då dansa mange til musikken, seier Sønnesyn. 

MUSIKK: Labakkalaget spelte opp til dans for dei som ville danse. Foto: Stein Bugge Næss

Vêret oppe i fjellsida var varierande, men på slutten kom sola og sørgde for strålande utsikt til dei som møtte opp.

– Dei fleste tok turen til ein støl som ligg endå lenger oppe, Øvstestølen, men me gjekk ned att, seier Sønnesyn.

Ei vellukka bursdagsfeiring 

Stein Bugge Næss fortel at valet av stad for markeringa blei bestemt allereie i fjor.

KAKE: Marsipankake til ære for jubilanten. Foto: Stein Bugge Næss

– Det bestemde me oss for både fordi det er lett tilgjengeleg, men òg fordi det er spanande å koma opp dit no med tanke på restaurering av garden, seier han. 

Det skulle visa seg å bli eit smart trekk.

– No var det nesten 200 som møtte opp, så dette opplegget blei så bra som det kunne ha blitt. Ei svært vellukka bursdagsfeiring for DNT, seier Næss. 

– Dette var heilt flott

Etter talar og musikk fekk folk spekemat, potetsalat og kake. Det var trossalt bursdag. 

– Ingen reiste svoltne heim for å seia det sånn. Dette var skikkeleg stas. 

HUSET: Huset syskena Kjellaug og Erling Ormelid budde i. Foto: Stein Bugge Næss

Òg nestleiar i Luster Turlag, Berit Lad, er nøgd med søndagen i Ormelid.

– Dette var heilt flott, det kunne ikkje blitt finare. 

Ho fortel at dei til slutt gjekk tom for gaflar til jubileumskaka.

– Me hadde kanskje ikkje forventa at fullt så mange kom. Vêret har jo mykje å seia, så i dag var me heldige.

Til toppen