Fylket: Sogn og Fjordane fylkeskommune tok over leiinga av Vestlandsrådet, 1. januar 2017.
– Eg ser fram til å leie rådet vidare i ei viktig tid for Vestlandet, seier Følling i ei pressemelding.
Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei var samla til årets første møte på Flesland 28. februar. Vestlandsrådet har vedteke seks satsingsområde for samarbeidet: samferdsle, innovasjon og næringsutvikling, kystressursforvaltning, energi, miljø og klima, kultur, og internasjonalt arbeid.
– Ei viktig sak for Vestlandsrådet i 2017 blir arbeidet med Nasjonal transportplan. Fylkesvegnettet vårt, opprusting av tunnelane, ferjenøkkelen og rassikring er viktige saker for alle fire fylka. Eit samla vestland har gjennom Vestlandsrådet stor påverknadskraft i desse sakene, seier fylkesordførar Jenny Følling.
(©NPK)