Følling inviterer kunnskapsministeren til  fråværsprat

Følling inviterer kunnskapsministeren til  fråværsprat

Innstramminga av fråværsreglane i skulen har ført til utfordringar for elevar og byråkratisk ekstraarbeid i helsevesenet, meiner fylkesordførar Jenny Følling (Sp). 

Ho ynskjer no å møte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) for å diskutere den omstridde regelinnstramminga.

– Med eit slik møte vil vi fortelje kvifor vi meiner det er viktig at elevar får obligatorisk køyreopplæring, utan at det går utover vitnemålet. Det har gått før og det bør gå no, seier Følling.

Les også: Slepp fråvær for obligatoriske køyretimar
Les også: Ikkje fleirtal for omstridd fråværsgrense

Kan vere ulovleg

I år er det innført ei tøffare linje mot elevar som ikkje møter til timane. Over ti prosent fråvær kan føre til at du ikkje får standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.

Sogn og Fjordane har vedteke at obligatorisk lærekøyring skal telje som lovleg fråvær og dermed vere unnateke den nyinnførte tiprosent-regelen. Det er eit vedtak som i seg sjølv kan vere ulovleg, i følgje VG, som i helga intervjua statssekretær Magnus Thue (H) i Kunnskapsdepartementet

– Sogn og Fjordane fylkeskommune vil få klar melding om at dei må endre praksis og at dei må følgje nasjonalt regelverk, sa han til avisa.

Følling har merka seg oppmodinga, men vel å avvente kva signal ho får i møte med kunnskapsministeren. 

– For oss er det viktig å fortelle litt om kva utfordringar innstrammingane får for distriktsungdomen og i tillegg kva det medfører av byråkrati for helsevesenet, som må bruke tid til å skrive attestar til elevar med influensa, seier ho. 

Får støtte frå uventa hald

I dag går derimot Framstegspartiets programkomité ut og stør linja som Sogn og Fjordane har lagt seg på.

– Vi ser at regelverket har skapt utfordringar for elevar som vil ta lappen, og det vil vi ordne opp i, seier Bård Hoksrud, stortingsrepresentant og medlem av Frps programkomité, til NPK.

Dei siterer Klassekampen på at både Senterpartiet og fleire ungdomsparti kan vere villige til å lempe på fråværskrava. Men ifølgje NKP står departementet framleis på sitt.

– Vi har ingen planar om å gjere endringar i fråværsreglane for køyreopplæringa. Det er viktig å huske at køyreopplæring aldri har vore gyldig fråværsgrunn, seier Thue.

Til toppen