MØTTEST: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og regionvegsjef Helge Eidsnes, her frå møte med fylkesordførar og fylkesdirektør 14. april, kjem til høyringskonferansen på Skei 29. april. Foto: Ole-Mathias Nes/Sogn og Fjordane fylkeskommune
MØTTEST: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og regionvegsjef Helge Eidsnes, her frå møte med fylkesordførar og fylkesdirektør 14. april, kjem til høyringskonferansen på Skei 29. april. Foto: Ole-Mathias Nes/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Følling møtte vegdirektøren

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet kom opp som tema då fylkesordføraren møtte Terje Moe Gustavsen torsdag.

Sogn: Gustavsen er vegdirektør i Statens vegvesen, og under møtet kom mellom anna aust-vest-sambandet opp. Det gjorde også utbygging av E39 sør-nord og ikkje minst behovet på fylkesvegane.

Fylkesordførar Jenny Følling og direktør for samferdsle, Dina Lefdal møtte vegdirektør Terje Moe Gustavsen og regionvegsjef Helge Eidsnes til eit frukostmøte hjå Statens vegvesen, Region vest på Hermansverk i morgontimane.

Tema for møtet var ein generell samtale omkring samferdsle i Sogn og Fjordane og ikkje minst Nasjonal transportplan 2018-2029.

– Det var eit godt og informativt møte der me fekk høve til å diskutere viktige samferdsleprosjekt for Sogn og Fjordane, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding frå fylkeskommunen. 

– Me set stor pris på at vegdirektøren, regionvegsjefen og resten av leiinga i Region vest og vegavdeling Sogn og Fjordane tek seg tid til å møte oss.

Høyringskonferanse på Skei

I slutten av april skal vegdirektøren delta på høyringskonferansen om NTP og regional transportplan på Skei. 

– Dette vert ein av dei viktigaste møteplassane for samferdsle i Sogn og Fjordane i 2016. Me treng å møtast både for dialog omkring prosjekt og ikkje minst for å bli informert sjølve. Vidare er det heilt sentralt å byggje moment og ytterlegare engasjement i høve kampen for å få Rv. 52 Hemsedalsfjellet som prioritert fjellovergang aust-vest, seier  fylkesordførar Jenny Følling.

Høyringskonferansen om NTP 2018-2029 og Regional transportplan 2018-2027 vert arrangert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune på Thon Hotel Skei i Jølster kommune fredag 29.april. Her stiller både vegdirektøren og regionvegsjefen frå Statens vegvesen si side for å orientere om transportetatane sitt grunnlagsdokument til NTP 2018-2029.

Til toppen