Fylket: – Me er svært overraska over at regjeringa ikkje har avklart kvar hovudsetet for Fylkesmannen i den nye regionen skal liggje når fylka sjølve er samde om det. Dette er ein viktig føresetnad i intensjonsplanen, og difor vil me gjerne drøfte det med departementet, seier Jenny Følling i ei pressemelding.
- Les også: Sogn og Fjordane får felles fylkesmann
Det er særleg fylkesmannsstrukturen som står på agendaen når fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Pål Kårbø i Hordaland møter statsråden eller statssekretæren.
Regjeringa har vedteke den nye organiseringa av Fylkesmannen og har slått fast delt lokalisering i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er derimot ikkje sagt noko om kvar leiinga for embetet skal liggje.
Nettopp det at Fylkesmannen skal leiast frå Sogn og Fjordane, er eit viktig premiss i intensjonsavtalen om samanslåing.