HEIDRA: Tidlegare denne veka vart Bjarne Øren (t.v.) heidra for 60 års teneste i arbeidarrørsla. Her saman med partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, og fylkesleiar Hilmar Høl.

HEIDRA: Tidlegare denne veka vart Bjarne Øren (t.v.) heidra for 60 års teneste i arbeidarrørsla. Her saman med partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, og fylkesleiar Hilmar Høl. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Stortingsvalet 2017

For 60 år sidan melde han seg inn i AUF som 14-åring. Her blir han heidra

14 år gamal bestemte Bjarne Øren frå Årdal seg for å melda seg inn i AUF. Sidan har han vore medlem.

Årdal: – Heile omgangskrinsen min med vener var i det miljøet. Foreldra våre hadde sterk tilknytning, så det var ganske naturleg for meg å gå i spora etter far min, seier Øren.

Då partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, besøkte Årdal tidlegare denne veka, fekk ho møte den lojale årdølen som vart heidra med ein middag på LO-huset.

– Før eg kom sjekka eg kor mange medlemmar me har med over 80 års medlemskap. Det er berre 60 rundt om i landet, seier Stenseng. 

– Det er slike som Bjarne som har vore trufaste og stabile partibyggarar gjennom fleire generasjonar, som har æra for korleis politikken har utvikla seg og at Ap har hatt den posisjonen i bygginga av landet etter krigen.

Eta aluminium

I eit industrisamfunn som Årdal var det nærast sjølvsagt at ein vart ein del av arbeidarrørsla etter krigen. 

– Hadde far min fått det til, hadde eg ete aluminium, smiler Øren.

– Heile venekretsen hans snakka ikkje om anna enn politikk og parti. Og det var veldig stor oppslutnad rundt arrangement den gongen. Det var ingen forskjell på 1. mai og 17. mai. Det var like mange tog og like mykje folk. Det var stor aktivitet.

Meir aktivitet

Sjølv føler han at den aktiviteten har dabba litt av blant ungdommen i dag. Riktig nok stabla Årdal og Lærdal AUF på beina att for eit par år sidan, men Øren etterlyser endå meir aktivitet blant ungdom.

– Det kan kanskje forklarast med at me den gongen ikkje hadde så mange andre tilbod som dei har i dag, sjølv om det var eit godt skimiljø, idrettsmiljø og aktive ungdomslag. 

Han meiner det er eit kjempeproblem at mange ikkje nyttar seg av røysteretten, men trur at dersom politikarar gjer som Stenseng, nemleg besøker og oppsøker veljarane, så kan ein få sving på sakene.

– Då blir politikarane sett i lokalsamfunnet. 

Utfordring

Stenseng meiner det er ei utfordring for dagens politikarar å finne noko ein kan jobbe for, tru på og samle seg rundt.

– Då Bjarne melde seg inn, var det kanskje fordi han såg det var noko å kjempa for. Me har mange engasjerte ungdom som står på, men engasjement får utløp på litt andre måtar. 

Til toppen