OMSTILLING: Medan mesteparten av oppdraga kom frå Årdal for berre nokre år sidan, tenar Rolf Ole Kleiven og Kleiven Sogn nesten alle kronene sine utanfor bygda i dag. Det har krevd omstilling, seier han.
OMSTILLING: Medan mesteparten av oppdraga kom frå Årdal for berre nokre år sidan, tenar Rolf Ole Kleiven og Kleiven Sogn nesten alle kronene sine utanfor bygda i dag. Det har krevd omstilling, seier han. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

For berre nokre år sidan kom 90 prosent av oppdraga frå Årdal – no er det 10 prosent

Kleiven Sogn har måtta omstille seg kraftig dei siste åra, noko dei har lykkast med.

Årdal: Entreprenørverksemda frå Årdal vann seinast anbodet om å rehabilitera symjehallen i Aurland. Dei har også oppdraget med å byggje den nye bu- og omsorgsheimen i Lærdal, og i desse dagar ferdigstiller dei eit prosjekt i Førde.

Sjølv om dei også har fått jobben med å byggja handelsbygget som skal koma opp i Hydroparken, er trenden tydeleg. Medan dei for sju-åtte år sidan hadde mesteparten av jobbane sine i Årdal, må dei reisa meir no. 

– For ti år sidan kom 50 prosent av omsetninga vår frå Hydro. No er det éin prosent. 80-90 prosent av oppdraga våre stamma frå Årdal, no er me på ti prosent. Dette er berre dei siste sju åra, seier Rolf Ole Kleiven, dagleg leiar i Kleiven Sogn.

– Me har omstilt oss til å reisa meir, ikkje så veldig langt, men me har vore i Førde og til og med i Hordaland. Me er også ein del i Luster og i Lærdal og Aurland spesielt, legg han til.

Lokale

Trass desse relativt store endringane i kven som er oppdragsgivar og kor dei kjem frå, har det ikkje gått veldig utover omsetninga. I 2017 vil Kleiven Sogn truleg havne på rundt 110 millionar kroner i omsetning. I fjor hadde dei 85 millionar.

– Det er ein markant auke. Det må nødvendigvis ikkje ha noko med tal timar eller kor mykje arbeid me har. Det er avhengig av om me har underentreprenørar og kor store kontraktane dei har med oss er, forklarar han.

At dei er lokale og dermed sit på erfaringar andre ikkje sit på, er ein fordel.

– Det siste året har me hatt mykje arbeid mot kraftselskap og rehabilitering av damanlegg. Det handlar mykje om at me har jobba ein del med det og blitt røynde. Dessutan har me lang erfaring med underentreprisemarknaden. 

Nye krav

At Kleiven Sogn har ein solid økonomi betyr også at dei ikkje treng å ta store sjansar på anboda sine, og det er ikkje nødvendigvis pris som må vera avgjerande for at dei vinn eller tapar eit anbod.

– Det er mange krav, som kvalitet og HMS. Krava blir også høgare og høgare, noko som gjer at mange ikkje ein gong kan levere eit anbod. 

Kleiven tykkjer det er ein positiv trend med mykje utbygging for tida, spesielt i Sogndal og Førde. Sjølv om han meiner dei har nok folk i dag med sine 32 tilsette, legg han ikkje skjul på at dei vil måtte trenga fleire i framtida, og då spesielt lærlingar som kjem frå Årdal. 

Planar om oppkjøp

I dag samarbeider dei også med Sogn Entreprenør, som dei eig 50 prosent. Her utvekslar dei folk etter behov, og innan eit par år er planen å ta over 100 prosent.

– Me treng nok fleire folk i framtida, mest på grunn av naturleg avgang. Me mistar ein del som skal gå av med naturleg pensjon, og det er vanskeleg å få inn nye, seier han og oppmodar lærlingar frå særleg Årdal om å ta kontakt.

Til toppen