For dei tøffaste av dei tøffe

Fredag starta Jotunheimen rundt. Sykkelrittet på 430 km, med 4609 m stigning og over tre fjellovergangar. Dette løpet er for dei tøffaste av dei tøffe.

Indre Sogn: Det er Sogn CK som er arrangørar for sykkelrittet som går av stabelen denne helga. Jotunheimen rundt starta fredag frå Lærdal, medan Sognefjellrittet startar frå Lom laurdag. Alle har målgang i Sogndal.

Sykkelrittet blir arrangert for 26. gong i år. Allereie i mars var det fullteikna.

- alle er vinnarar             

Rittleiar Håkon Nesse skriv på deira facebookside at dei aldri har hatt større påmelding. I år var det omlag 560 påmelde med start frå Lærdal. Over halvparten av desse for fyrste gong. Nesse oppmodar om å vise respekt for kvarandre, for bilistane og for den flotte naturen dei syklar i.

Nesse skriv vidare at syklistane må nyte turen i sitt tempo. Det er ein stor prestasjon å fullføre og alle er vinnarar.

Vêret viser seg ikkje heilt frå si beste side denne helga, det gjer prestasjonen desto større for dei syklande. Det blir garantert tøffe mil å sykle over fjella i regn, så dette kan med rette kallast Noregs tøffaste turritt.

Slik går ferden

Med start i Lærdal går turen vidare oppover E16 gjennom Lærdalsdalen, forbi Borgund og over Filefjell.

Ned langs Vangsmjøsa, gjennom Vestre Slidre og fram til Fagernes. Vidare opp til Beitostølen, over Valdresflya, før ein tek til på den bratte nedkøyringa til Randen. Rv 15 fører dei til Lom, der startar også dei som er påmelde til Sognefjellrittet.

Frå Lom følgjer den berømte Sognefjellsvegen, gjennom Bøverdalen. Frå Turtagrø, gjennom Luster langs Sognefjorden, forbi Gaupne og til mål i Sogndal.

På turen syklar ein gjennom spektakulær natur, med skue mot toppar, tindar og brear i Jotunheimen. Over Sognefjellsvegen, som er Nord-Europa sin høgaste fjellovergang, 1440 m.o.h, ved Fantesteinen.

På turen er det sett ut sju matstasjonar langs løypa, der det er med varm mat i Lom.

Artikkelen held fram under biletet

MATSTASJON: Omlag klokka halv ti fredagskveld, byrja dei første syklistane å komme til matstasjonen i Vang. Dei hadde då lagt Lærdalsdalen og Filefjell bak seg.
MATSTASJON: Omlag klokka halv ti fredagskveld, byrja dei første syklistane å komme til matstasjonen i Vang. Dei hadde då lagt Lærdalsdalen og Filefjell bak seg.

Gode namn på startlista

Dei første starta kl 18.00 fredag, deretter vart dei sendt ut i puljar.
Arrangørane skriv på statusen sin at alle som fullfører dette turrittet er vinnarar, men vil likevel trekke fram nokon namn som ein kan følgje litt ekstra med på.

Gode namn på lista er eks-skiskyttar Lars Berger, som køyrer lagkonkurransen saman med Nedre Lågen Mosjonsklubb. Wattkoden Martin Bonnevie-Svendsen og tidlegare Sogndal student Knut Skaarnes-Moldestad er nokon av namna som vart trekt fram. 

Laget til Lars Berger har hatt fin flyt Jotunheimen rundt, og kom i mål på tida 13:53:31. Fleire gode namn er på veg mot målgangen, så det gjenstår å sjå kva vinnartida blir i 2016. 

Arrangørane nyttar EQ timing live resultatservice, dei har innebygd live tracking funksjon. Med den kan du følgje med på syklistane i løypa. Her kan ein også gå inn etter målgang og sjå kva plassering dei får.

Sognefjellrittet

Sognefjellrittet startar laurdag klokka 13.00 frå Lom. Dei syklar då saman med syklistane som kjem frå Jotunheimen rundt rittet. Såleis er det syklistar som syklar frå Lom som har tredve mil bak seg på sykkel, og dei som nett skal ta til på sine 137 km mot målgang i Sogndal. 

Dette rittet er miniutgåva av Jotunheimen rundt, men har etter kvart fått svært godt omdøme. Arrangørane skriv at ein på denne turen godt kan nytte terrengsykkel, men viss ein vil følgje pulja så er racer å anbefale. 

På startstreken her står blant anna årdølene Eirik Kinserdal som vart nr 5 på Sognefjellrittet i fjor og Hilde Asperheim som vant dameklassen i same ritt i fjor. Samt Sedrik Ullebø frå Høyanger som vart nr 2 i fjor. Alle desse syklar for Sogn CK.

 

Til toppen