KANDIDAT: Dei kjemiske fagforeiningane i Årdal og Høyanger ønskjer gjerne Henny-Kristin Asperanden Navarsete på Stortinget.
KANDIDAT: Dei kjemiske fagforeiningane i Årdal og Høyanger ønskjer gjerne Henny-Kristin Asperanden Navarsete på Stortinget. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkivfoto)

MEININGAR

– For den kraftforedlande og eksportretta industrien i fylket er Henny-Kristin godt nytt

– Den kraftforedlande industrien i fylket – Svelgen, Årdal og Høyanger – er på mange måtar inne i ein lagnadstime, der vi kjempar ein tung kamp mot overmakta, skriv leiarane for dei kjemiske fagforeiningane i Årdal og Høyanger.

Meiningar: Torsdag 20.08 blei det klart at Henny-Kristin Asperanden Navarsete også stiller til val som toppkandidat på Sogn og Fjordane si Ap liste.

For den kraftforedlande og eksportretta industrien i fylket er dette godt nytt. Henny-Kristin er eit ektefødt barn av fagrørsla, ho er nestleiar i NTL-veg og sit som styremedlem i NTL, så har ho gjennom sitt virke, både som tillitsvalt og lokalpolitikar, vist at ho er heil ved, og at «rørsla» kan ha full tillitt til ho!

Den kraftforedlande industrien i fylket, Svelgen, Årdal og Høyanger, er på mange måtar inne i ein lagnadstime, der vi kjempar ein tung kamp mot overmakta. Les NVE, Statnett og også lokale nettselskap. (alle offentleg eigde, og med politisk valde styre og generalforsamlingar)

– Ikkje råd til å tape kampen

Ingrid Heggø har kjempa denne kampen med oss, både internt i AP, og i Stortinget utan heilt å vinne fram, denne kampen har vi ikkje råd å tape, og siste ord er enno ikkje sagt.

For rørsla er det difor viktig at vi får ein representant i frå fjordfylket som tek opp denne arven, og slik vi ser det, er Henny-Kristin den kandidaten som best kan ta opp denne arven.

Dei som kjenner Henny-Kristin veit at ho har ein innebygd ryggmargsrefleks for å ta kampen mot unødvendig sentralisering, ho tek kampen for de svakare stilte i samfunnet, og ho har ei urokkeleg tru på offentlege felleskapsløysingar!

Dette er mellom kjerneverdiane i arbeiderrørsla, mange vil hevde at Ap kanskje slit litt med å målbære desse verdiane, i Henny Kristin har vi den representanten som alltid set desse verdiane høgast, og ikkje har noko problem med å målbære dei!

Vil ikkje ha berre menn

Nominasjonane i dei andre partia i gamlefylket, ser ut til å resultere i at det blir menn som toppar alle lister, dette er ikkje heilt bra, gamle Sogn og Fjordane har hatt bra kvinnerepresentasjon i forrige periode, det ville være synd om dette valet skulle resultere i at det er berre menn som representerar fylket vårt!

Det er dessverre og slik, at dersom ein av våre noværande fylkestingsrepresentantar, vert vald inn på Stortinget, så blir fylkestingsrepresentanten erstatta med ein representant i frå gamle Hordaland. Sogn og Fjordane vil på denne måten tape ganske mykje, dersom ein ikkje er vaken på dette!

Fryktar tap mot overmakta

Etter fylkessamanslåinga ser vi allerede no tegn på at gamle Sogn og Fjordane taper mot overmakta i Bergen og Hordaland, tenester og offentlege arbeidsplassar forsvinn ut av fylket vårt, vegprosjekt kan bli nedprioriterte i konkuranse med prosjekt i Hordaland, ja, Sogn og Fjordane treng ein representant med særskilt kompetanse på å sjå akkurat dette, og denne kompetansen har Henny-Kristin!

For gamle Sogn og Fjordane, og for den kraftforedlande industrien, er vi ikkje i tvil! Den beste kandidaten må være Henny-Kristin Asperanden Navarsete! 

Til toppen