LIVSGLAD: Jonny Gjerne snudde livet frå motgang til medgang etter mange år med alkohol.
LIVSGLAD: Jonny Gjerne snudde livet frå motgang til medgang etter mange år med alkohol. (Foto: Linda Watten)

For fem år sidan tok Jonny (53) eit val som redda livet hans: – Eg har ikkje rørt alkohol sidan det

Det er fem år sidan Jonny Gjerde nådde botnen, ringde fastlegen sin, og bad om hjelp etter år med alkoholisme. Tida etterpå blei avgjerande for han.

Luster: – Det var ein fredag hugsar eg, seier Jonny Gjerde frå Skjolden, om dagen for fem år sidan. Dagen som skulle verta starten på å snu motgang til medgang. 

På det tidspunktet hadde han huset fullt av sprit, ein kvardag han hadde hatt over mange år. 

– Eg henta ein dunk med sprit på måndag og tenkte «viss eg drikk opp alt dette overlever eg ikkje». Deretter ringde eg fastlegen min som sa ho sendte taxi til døra mi fredagen etterpå. Då køyrde eg løpet fullt ut den veka. Eg drakk fleire liter med rein sprit, fortel han. 

Innlagt med ein promille på 3,84 

Fredagen etterpå blei han, atter ein gong, sjekka inn på psykiatrisk avdeling ved Førde sentralsjukehus.

– Legen min skreiv i journalen at eg verka frisk og ikkje påverka av alkohol. I Førde tok dei promillen min, og den synte eit utslag på 3,84. Då blei eg skremd sjølv, òg. Eg har sikkert lege heima i huset mitt med 5-6 i promille fleire gonger, seier han. 

Det er flaks at eg lever.

Jonny Gjerde

På det tidspunktet vog den høge kroppen hans 62 kilo, han måtte få intravenøst, og kunne ikkje gå utan gåstol.

– Då var eg på botnen. Det var starten på 10 månader med behandling. 

Eit farvel med sin beste ven, alkoholen

Han seier det var svært vanskeleg å ta farvel med sin beste ven, alkoholen.

– Den var det største eg hadde, og gjekk forbi alt anna på det tidspunktet. Korleis skulle eg greia å komma meg gjennom sorgen ved å ta farvel?

Men det var aldri noko alternativ for Gjerde å slutta halvvegs. 

– Det går ikkje an å læra seg å drikka mindre når du er alkoholikar. Hovudfokuset må vera total fråhaldenheit. Kvar dag seier eg framleis til meg sjølv "eg skal ikkje drikka i dag". 

Skal aldri tilbake dit 

Og ikkje ein einaste gong på desse fem åra har han vore freista til å drikka heller.

– Eg kan me handa på hjarta seia at eg ikkje har vore nær å sprekka. I tida etterpå hadde eg abstinensar, pratte til postkassar, og dreit meg ut for folk. Eg veit at om eg vender attende til alkoholen så vender eg attende til rullator, dårleg helse, og psykoser. 

Dit vil eg ikkje tilbake. Eg vil leva til eg blir 150 år.

Jonny Gjerde.

Fekk jobb i heimkommunen 

Etter fleire opphald på Tronvik og Valdresklinikken, samt jobbpraksis og god hjelp på vegen, vendte han attende til Luster kommune for tre år sidan.

JOBBEN: Jonny trivest på kontoret i jobben som erfaringskonsulent. Foto: Linda Watten

– Kommunen oppretta ei stilling som heiter erfaringskonsulent. Det er ei prosjektstilling som eg fekk. Det er ein vinn-vinn-situasjon for meg. Eg får jobba med likesinna, og kvar dag fortel eg historien min til brukarar som har det slik som eg hadde det.

Gjerde seier han kan gjera ein forskjell med å dela eigne erfaringar med brukarane sine når det gjeld motivasjonen deira.

– Dei får høyre historien min, og den er ofte verre enn deira eigen. Eg får drahjelp av NAV og legar, men det er eg som samlar trådane og får til sluttpakken. Det er umogleg for dei å greia dette aleina, så fellesskapet me har saman er viktig. 

Gjerde: – Trening gjev same glede som rus

Han seier alle kan greia å slutta drikka alkohol, men utfordringa er å ikkje byrja att.

– Det viktigaste for meg er å vera med dei på denne reisa, sjå dei forandra seg, og sjå at dei ikkje vil tilbake til alkoholen. 

Eg seier det til brukarane mine: du må ta ansvar for livet sjølv.

Jonny Gjerde

I tillegg til jobben som erfaringskonsulent har Gjerde starta ei AA-gruppe i kommunen, og held føredrag om historia si. På fritida trenar han og tek vare på helsa si.

– Trening er terapi for meg. Det skapar det same for meg no som rusen gjorde tidlegare.

Frå motgang til medgang

No ser han tilbake på dei siste fem åra som verdifull erfaring, og er takksam for det livet han har i dag.

– Livet mitt var i ruinar, og eg påførde familien min både redsel og skam. Eg mista jobben, og økonomien var eit surr. Heldigvis har me snakka mykje om det etterpå, og tilliten frå familien er tilbake. 

Gjerde greidde å snu motgang til medgang då alt var på det mørkaste, og jobben var det ingen andre enn han som kunne gjera.

– I dag er eg forlova, blir backa opp av kollegaer, og er både far og bestefar. Det har vore ei utruleg reisa, og eg føler eg lever eit bonusliv i dag. Eg gler meg til kvar ny dag som kjem, og eg får gjera noko eg brenn for kvar dag.

Til toppen