Årdal: For eit par år sidan stilte Jotun og ÅTIL med eit damelag i tredjedivisjon. Det varte ein sesong, så var det slutt. No prøver Jotun igjen, denne gong for eiga maskin.
– Damefotballen veks jamt og trutt i Norge, faktisk heile verda. Då me må kunna følga etter her i Årdal òg, seier trenar Frank Roger Eldegard.
Saman med hjelpetrenar Jan Erik Luggenes ønskjer han å etablera eit stabilt tilbod til dei unge spelarane i kommunen, slik at dei slepp å slutta med fotballen når dei blir seniorar.

– Me ser nedover i dei yngre klassane at det er mange jenter som spelar og er aktive. Me får berre håpa at me greier å halda opp ein stamme med nok spelarar, så det ikkje blir eit eittårsprosjekt, seier Eldegard.
Starten er betre enn forventa
I Årdal står handballen sterkt på kvinnesida. Eldegard er ikkje redd for at det skal vera til hinder for rekrutteringa.
– Hovudsesongen til handballen går på seinhausten og vinteren, så det bør vera gode sjansar for dei som ønskjer å driva med begge deler. Det er viktig å halda forma ved like òg utanom sesongen, så det å kombinera handball og fotball er berre fint, seier han.
Etter fem kampar står laget med to sigrar og tre tap. Det gir ein sjuandeplass på tabellen, men det er berre eitt poeng opp til Sogndal på tredje. Tapa har i tillegg kome etter relativt tette kampar.
– Når du er nyoppstarta er du budd på at det kan bli tøffe tak. Me spelar mot klubbar som har hatt damelag i fleire år. Me var spente på kva som møtte oss, men det har gått veldig bra, litt betre enn forventa. Greier me å halda fram slik, så blir det kjekt, seier Eldegard.

Slit med skader på sentrale spelarar
Sist serierunde mot Stryn enda med 1-3 tap på bortebane. Resultatet er èin ting, verre var det at midtbanespelar Marthe Skjerven måtte ut med ein stygg skade. Frå før er midstoppar Anna Elise Nese sett ut av spel vårsesongen med ein leddbandskade.
– Du går ikkje gjennom ein tøff sesong utan skader, så det har me vore budde på. Men det er leit for dei spelarane det gjeld. Me har ikkje den største troppen, så akkurat no er det veldig tøft, men me skal koma oss gjennom det, seier Eldegard.
Fylkesserien i tredjedivisjon har etter kvart fått eit breitt spekter av lag, ikkje minst geografisk. Jotun skal gjennom sesongen få bryna seg på lag frå Førde, Stryn, Kaupanger, Sogndal, Balestrand, Sandane, Vik, Høyanger og Måløy.
– Det er kjekt at me har blitt så mange lag og fått ein full serie med tjue kampar. Det gir ei god og brei sportsleg ramme, seier Eldegard.