Sogndal: Ei anna viktig sak er status for fusjonsprogrammet, der styret får møte prosjektleiarane og høyre korleis arbeidet går.
Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, sit ikkje sjølv i styret, men har vore med å førebu sakene til møtet. Han tykkjer det er kjekt å vere vertskap for det nye styret, som for første gong held møte i Sogndal.
– Interrimstyret er dei som skal ta dei viktige strategiske avgjerdene framover. I dag skal dei mellom anna diskutere felles budsjett og få innsikt i desse fusjonsprosjekta. Det er masse viktige avgjerder som skal gjerast framover, seier Stokke.
Her kan du følgje møtet direkte.