STINN BRAKKE: Noreg hadde 22,6 millionar hotellovernattingar i 2016. Turisttilstrøyminga utgjorde ein del av grunnen til det.
STINN BRAKKE: Noreg hadde 22,6 millionar hotellovernattingar i 2016. Turisttilstrøyminga utgjorde ein del av grunnen til det. (Bilde: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK)

– For første gong har distriktshotella høgare pris enn i storbyane

Det viser fersk bransjerapport.

Sogn: Horwath HTL, som er eit konsulentselskap for reiselivsnæringa, har lansert sin årlege hotellrapport som tek føre seg aktiviteten i den norske hotellnæringa.

Rapporten viser at Noreg hadde 22,6 millionar hotellovernattingar i 2016. Dette er ein ny toppnotering og utgjer ein auke på 4,4 prosent frå 2015, heiter det i ei pressemelding frå DNB. Rapporten viser òg at hotella får betre betalt enn tidlegare, grunna høgare gjennomsnittleg rompris.

Men om det går bra generelt sett, går det så det grin i distrikta.

– Den mest interessante trenden no, er skilnaden mellom by og land. I byane er det bedriftskundane som dominerer og prisane har stått meir eller mindre stille. For distriktshotella er det annleis. Dei nyt godt av aukande turisttilstrøyming og høgare prisar. For første gong ser vi at distriktshotella har høgare pris enn dei som er plasserte i byane, seier Erlend Heiberg, administrerande direktør i Horwath HTL, i pressemeldinga.

Førebelse tal frå 2017 viser at oppturen held fram, med ein vekst på 2,4 prosent frå same periode i fjor.

Til toppen