MARKERER 45-ÅRS JUBILEUM: Jubileumsdagen var ein vanleg dag på jobb for Anne Marie Solheim. Her er det Tina Sletten Utengen som får ny frisyre. Utengen bur austpå og er oppvaksen der, men sidan ho var lita har ho alltid pla klyppa seg hjå Solheim når ho er på besøk i Lærdal.
MARKERER 45-ÅRS JUBILEUM: Jubileumsdagen var ein vanleg dag på jobb for Anne Marie Solheim. Her er det Tina Sletten Utengen som får ny frisyre. Utengen bur austpå og er oppvaksen der, men sidan ho var lita har ho alltid pla klyppa seg hjå Solheim når ho er på besøk i Lærdal. (Foto: Snorre Sandemose)

Før ho fór til Gjøvik for å ta fast jobb som frisør, ville ho testa yrket litt i heimbygda. No har det blitt 45 år

Det viste seg å vera ein marknad for å starta opp som frisør i Lærdal for 45 år sidan. Sidan den gongen har Anne Marie Solheim vore ein populær frisør i bygda. 

BYGDE EIGE HUS OG SALONG: Då Solheim fyrst opna frisørsalong, leigde ho eit lokale hjå kommunen. Seinare bygde ho og mannen hennar dette huset på Øyri, og i fyrste etasje til høgre har ho salongen. Mannen hennar snikra huset, endå om han ikkje er snikkar av yrke.   Bilde: Snorre Sandemose

– Eg er veldig glad i folk, og eg synest eg får so mykje tilbake i denne jobben. Å vera hyggjeleg og hjelpsam mot folk er ein del av drivkrafta mi, seier Anne Marie Solheim.  

Denne onsdagen markerte ho 45-årsjubileet for frisørsalongen Annema, som ho driv i Lærdal.

Ho kjem frå ein gard oppi fjella ved Borgund, 700 meter over havet. I ungdomen fór ho til Høyanger og utdana seg til frisør mellom 1969 og 1971. Deretter var ho lærling i Sogndal ei stund, før ho opna salongen i Lærdal  

– Eg hadde ikkje tenkt til å starta min eigen salong. Eg hadde fått jobb i Gjøvik. Men so spurde folk i bygda meg om eg ikkje kunne starta opp her. 

VENTAR SPENT: Frå venstre: Oddny Hernes, Ove Sten Bakketun, Helge Ottoson Sanden Bilde: Snorre Sandemose

Den gongen måtte folk heilt til Sogndal for å klyppa seg, og laut køyra på den gamle Revsnesvegen. Folk kvidde seg med å fara over den rasutsette og farlege leia til Sogndal. 

– Eg tenkte at eg kan no prøva eit halvt år i Lærdal fyrst, og so har det vorte 45!, seier Solheim. 

– Kva er det som gjer at salongen din har klart seg gjennom alle desse åra?

– Eg treffer dei eg klypper i bygda og på butikken. So det er viktig at kundane vert nøgde. Når du er på ein liten plass, so er du nøydd til å gjera ein god jobb, seier Solheim. 

ØKOLOGISK: Solheim var tidleg ute med å nytta seg av økologiske hårprodukt.  Bilde: Snorre Sandemose

Set pris på det psykologiske aspektet med jobben

Solheim likar frisørfaget, og har ikkje berre nøgt seg med den utdaninga ho fekk i Høyanger. Opp gjennom desse 45 åra har ho innimellom passa på å få gjestejobba hjå andre frisørsalongar i landet, for å få nye impulsar. Ho har også gått på kurs i Tyskland og England for å læra seg det siste innan faget.

Ikkje berre er ho oppteken av å meistra handverket, ho set pris på møta med kundane.  

– Eg klypper barn og unge, vaksne og eldre. Og somme gonger kan det vera ein som er sjuk, eller ein som nett har knekt foten. Det er interessant å snakka med dei og vera ein ven av kundane òg, og ikkje berre stella håret deira. 

– Du har ein psykolog i deg, skyt kollega Mariola Helena Warzoszczak inn. Ho har jobba saman med Solheim på frisørsalongen dei siste sju åra. 

– Av og til er dette ein terapeutisk jobb. Det er gjevande og interessant, seier Solheim. 

NØGDE: Kundane som kjem til frisørsalongen skryt av jubilanten.   Bilde: Snorre Sandemose

Solheim møter tidt opp på aldersheimen og klypper der òg.

Kundane skryt av Annema

Blant dei som sit på ventebenken hjå Annema når Porten.no er til stades, er Oddny Hernes. Ho har teke turen frå Aurland i dag. Både ho og mannen hennar har dei siste ti åra fare til Lærdal når dei skal klyppa seg. 

– Her likar me oss og trivst. Me er alltid nøgde med det ho gjer. Det er god sørvis og me kan ikkje få det betre.

Grunnen til at dei fór til Lærdal for å klyppa seg ti år tilbake, er at det var manko på frisørar i Aurland då. Og so har dei halde seg til Annema sidan.  

Helge Ottoson Sanden, som også sit på ventebenken, kallar Solheim unik. 

– Eg har vore so heldig å kjenna henne i nesten 50 år. Ho er ei prektig dame, alltid blid.  Eg hugsar ho ikkje annleis 50 år tilbake enn slik du ser henne no. Eg er sikker på at du aldri vil møte henne i dårleg humør, seier Sanden. 

– Har hatt fantastiske kollegaer

Solheim har hatt dyktige og hyggjelege kollegaer som ho har jobba godt saman med, både før og no. 

Den siste tida er det Mariola Warzoszczak som ho har hatt tilsett hjå seg. 

GODT SAMARBEID: Dei siste åra er det Mariola Warzoszczak som har jobba saman med Anne Marie Solheim i Annema frisørsalong. Dei utfyller kvarandre godt. Her snakkar Warzoszczak med ein kunde.  Bilde: Snorre Sandemose

 – Mariola kunne ikkje eit ord norsk når ho kom her. Eg er so stolt av henne. Ho er ei fantastisk jente og ein fantastisk medarbeidar, seier Solheim.

– Og Anne Marie er ein fantastisk sjef, skyt Warzoszczak inn. 

– Ho er so flink og fortener all honnør. Og eg og ho, me passar veldig godt saman, ikkje minst. Det har veldig mykje å bety for kundane og sørvisen og heile greia. Fordi me utfyller kvarandre, seier Solheim.

Til toppen