Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: arkiv)

For høg fart, manglande dokument og teknisk feil

UP hadde litt av kvart å setja fingeren på i kontrollen søndag kveld.

Lærdal: Politiet twitra rett over klokka 23 søndag kveld at fire førarar fekk forenkla førelegg for høg fart i ei 60-sone i Lærdal; høgaste målte fart var 73 km/t. 

I tillegg fekk tre førarar gebyr for manglande dokument, det betyr vanlegvis førarkort eller vognkort. 60 førarar vart også kontrollerte for rus i kontrollen, men her var det ingen utslag.

Til toppen