FRAMSYNT FYLKESMANN: Denne veka vart den batteridrevne passasjerbåten Vision of the Fjords sett i rute på Nærøyfjorden. For hundre år sidan drøymte fylkesmann Christensen (innfelt) om å bruke elektrisk kraft til å drive skipsfarten i fylket. Foto: arkiv/Wikimedia Commons. 
FRAMSYNT FYLKESMANN: Denne veka vart den batteridrevne passasjerbåten Vision of the Fjords sett i rute på Nærøyfjorden. For hundre år sidan drøymte fylkesmann Christensen (innfelt) om å bruke elektrisk kraft til å drive skipsfarten i fylket. Foto: arkiv/Wikimedia Commons. 

For hundre år sidan trudde han elektriske skip var rett rundt hjørnet

I 1918 var fylkesmann Christensen ein av dei første i fylket til å sjå nytten av batteridriven skipsfart. I dag er det ein realitet.

I 1918 var det stor debatt om fylkeskommunen skulle byggje ut Ålfotsvassdraget i Bremanger. Det vart rekna som eit risikabelt prosjekt, men politikarane landa på at det var vegen å gå.

ELEKTRISK NOTID: Ordførar Noralv Distad, for høvet i eit elektrisk køyretøy som blir leigd ut til turistar i Flåm, trur dei framsynte fylkespolitikarane Christensen og Sævartveit ville likt å sjå dagens dagens utvikling.
ELEKTRISK NOTID: Ordførar Noralv Distad, for høvet i eit elektrisk køyretøy som blir leigd ut til turistar i Flåm, trur dei framsynte fylkespolitikarane Christensen og Sævartveit ville likt å sjå dagens dagens utvikling.

Det enda med stortap, ikkje minst for kommunane som hadde gått inn med kapital. Men kanskje mest interessant, sett med dagens auge, er tankegongen bak vedtaket.

– Eit viktig argument for å byggje ut var at det var sett på som nær føreståande at ein kunne bruke elektrisk kraft for å driva fartøy, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Les også: Her er Vision of the Fjords endeleg i Flåm

– Kraftig forut for si tid

Det var i eit innlegg på heimesidene til kommunen han først trakk opp dei historiske linjene som har leia fram til at hybridferja Vision of the Fjords tidlegare denne veka vart sett i rute på Nærøyfjorden.

Fylkesmann Ingolf Elster Christensen var blant dei som i byrjinga av førre århundre trudde at elektrisk skipsfart var rett rundt hjørnet. Han var difor for kraftutbygging i Ålfoten «for at bringe den i anvendelse naar det engang byder seg en løsning av spørsmaalet om elektrisk drivkraft for skibe.»

Også Olav Sævartveit, ordførar i Aurland frå 1909 til 1925, var optimist på vegner av den nye teknologien. Han var leiar for nemda som skulle følgje opp utbyggjingsvedtaket i Fylkestinget. Ei nemnd som konkluderte med at «den dag ikke er fjern, da amtet som saadant betraktet faar bruk for elektrisk kraft til drift av sine skibe m.m.»

– Det har teke bortimot hundre år før det skjedde, så dei var no kraftig forut for si tid, seier Distad. 

Økonomi var hovudmotivet

I dag er omtanke for miljøet eitt av hovudargumenta for å satse på batteridriven transport. Den gongen var det viktigaste å finne eit billegare alternativ enn kol til å drive skipsflåten som kort tid etter fekk namnet Fylkesbaatane.

Distad trur Christensen og hans samtidige ville likt å få oppleve at deira visjonar no er i ferd med å innta fjordane. Batteriferja Ampere har allereie gått halvanna år i Ytre Sogn. Fjord1 har planar om to liknande ferjer i Nordfjord, medan «Fjordsyn» altså no fraktar passasjerar mellom Flåm og Gudvangen.

– Dei stod for nyskaping og ønskte at fylket skulle ta del i samferdsleutviklinga. Nye ting slik som dette trur eg absolutt ville ha vore i deira ånd, seier Distad.

Til toppen