– For meg er 1. mai ein stor dag

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, var glad for at han fekk tale på heimebane. 

Årdal: Godt over 200 menneske trakk til gatene i Øvre Årdal då demonstrasjonstoget anført av Øvre Årdal Janitsjarkorps og Farnes skulemuskk gjekk frå torget, rundt Årdal bu- og omsorgsenter og opp att til kulturhuset.

1. mai har tradisjonelt vore ein like stor dag som sjølvaste nasjonaldagen i Årdal, og for Høl, som heldt tale i kulturhuset, er dette ein stor dag.

Sjå bilete frå 1. mai i galleriet øvst i artikkelen.

– Det har det vore heilt sidan eg byrja i arbeidslivet. Eg vart tidleg tilltisvald i Kjemisk på verket, og det å få vera med på denne dugnaden og kjenna dei historiske linjene, så opparbeida du deg ein respekt for det forfedrene har gjort, men som me diverre ser ein dalande interesse for i dag, seier han. 

Dalande interesse for dagen

I kulturhuset var det rundt 130 som møtte opp for å høyra han tale. Høl innrømmer at han var litt for at det ikkje skulle koma så mange, men er glad han får sjansen til å feire dagen i heimbygda.

– Det er ein premie i seg sjølv sidan eg stadig er på farten. Det er noko eige med å feire her. Det er kanskje berre Høyanger som kan måle seg med vår feiring, meiner han og tykkjer det er synd at stadig færre ser ut til å møte opp og markere dagen.

Artikkelen held fram under biletet.

BRA OPPMØTE: Vel 200 menneske tok til gatene for å delta i demonstrasjonstoget.
BRA OPPMØTE: Vel 200 menneske tok til gatene for å delta i demonstrasjonstoget.

– Det er synd. Eg hugsar kva Håkon Lie sa då Gerhardsen gjekk inn på Aker mekanisk og fortalte at dei får 10 øre i lønstillegg. Då var det full jubel, så sa Håkon Lie «Då gidd dei vel ikkje køyre ned frå fjellet og røyste». 

– 1. mai er ein fridag for folk, og i år havna det på ein søndag som er ein naturleg fridag, men eg synest det byrjar å bli heilt tydeleg at folk kanskje ikkje bryr seg så mykje om dette, men me prøver å halde tradisjonane vedlike.

Kritiserte regjeringa

I talen kom Høl med sterk kritikk mot regjeringa. Han tok mellom anna føre seg fagrørsla sin streik mot regjeringa si svekking av arbeidsmiljølova, den høge arbeidsledigheita i Noreg akkurat no, og mangelen på tiltak for å få løyst problema.

– Eg ønskte at folk skulle få eit syn på kva regjeringa gjer, som fekk bak skoddene, og som folk ikkje heilt får med seg. Eg drog fram den økonomiske situasjonen til kommunen. Her kan det liggja kutt på 28 millionar viss det blir vedteke. Det betyr eigentleg ein ny Robek-status som me må henta inn ved å ta ned tenestene, forklarar Høl.

Artikkelen held fram under biletet.

STILLE: Før Høl fekk entre talarstolen var det eitt minutts stille for dei som mista livet i helikopterulykka fredag.
STILLE: Før Høl fekk entre talarstolen var det eitt minutts stille for dei som mista livet i helikopterulykka fredag.

– Det er slike grep folk må vita om. Samstundes ser ein kva dei gjer me energiverket vårt, som kan forsvinna. I går kom det ein ekspertuttale som sa at me kanskje mistar konsesjonskraft, og då har me 10 nye millionar me kanskje mistar.

– Eit fortent spark i rumpa

Også valet i Årdal kom Høl innom, og her måtte han berre innrømme at Arbeidarpartiet fortente eit spark bak.

– Det måtte med. Ein kan aldri seia imot eit val, som gav oss klar beskjed på at noko var gale. Dei siste åra har me drive administrasjon for å koma ut av Robek, og så trur eg me skal klare å snu det til å bli ein god politisk verkstad. 

Før fylkesleiaren fekk entra talarstolen, var det eitt minutts stille for dei som fredag mista livet i den tragiske helikopterulykka, som har skaka heile Noreg.

Til toppen