TINGHALL: Jonas Hagheim og Jenny Kvalen Hagheim bur like attme Tinghall. Huset vart bygd av Ungdomslaget og stod ferdig til krigen starta i 1940. Foto: Ina Eirin Eliassen
TINGHALL: Jonas Hagheim og Jenny Kvalen Hagheim bur like attme Tinghall. Huset vart bygd av Ungdomslaget og stod ferdig til krigen starta i 1940. Foto: Ina Eirin Eliassen

For nokre var valet lettare enn for andre

Porten.no har i dag sjekka stemninga i nokre av vallokala i Lærdal.

Tønjum/Lærdalsøyri: Jonas Hagheim og Jenny Kvalen Hagheim kjem ut av Tinghall på Tønjum i Lærdal og er akkurat ferdigrøysta. 

– Dette var eit lett kommuneval. Eg var neste frista til å halde augene att og trekka, men eg gjorde ikkje det altså, seier Jenny. 

Ho tykkjer det er mykje likt mellom dei fem partia, og sjølv om det også er kyrkje og fylkestingsval, ser ho kommunevalet som det viktigaste. 

Artikkelen held fram under biletet

VANSKELEG: Utan å røpe for mykje fortel Arne Slogvik at skulenedlegging og utvalsmodell har vore avgjerande for det valet han tok i dag. Hans Hagheim og Elbjørg Tønjum ser til at alt får rett føre seg.

Innanfor held Anders Voll Eltun og Gerd Berit Tønjum styr på kyrkjevalet. Dei fortel det har vore ein jamn straum med veljarar sidan dei opna dørene klokka 10.

Gjennom ei dør til, finn me Torun Voll Eltun, leiar i valnemda for Tønjum krins, Marit Offerdal Steinheim, Elbjørg Tønjum og Hans Hagheim, som ser til kommune- og fylkestingsvalet. Latteren sitt laust og her treng ein heller ikkje oppgi namn når ein kjem, for desse fire kjenner dei fleste i denne krinsen. 

– Ja, denne gongen var det eit vanskeleg kommuneval. Dei siste periodane har eg vorte overraska over kva dei finn på som ordførarar. Eg er ikkje så sikker om eg veit kva utfall det vil få i kveld. Eg er spent, seier Arne Slogvik, som akkurat har sloppe si meining ned i urna. 

Artikkelen held fram under biletet

ENKLELT: Inn døra på Tinghall smett Astrid Sjøvold inn, for ho var ikkje dette eit vanskeleg val, men ho er spent på kveldens utfall.
ENKLELT: Inn døra på Tinghall smett Astrid Sjøvold inn, for ho var ikkje dette eit vanskeleg val, men ho er spent på kveldens utfall.

Inne på rådhuset på Lærdalsøyri er det ein spent gjeng frå Senterpartiet i Lærdal og i Årdal som gjer sitt for å slå i hjel tida. 

Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, seier han har fekk spørsmål då han røysta på Borgund, om han hadde teke på seg sørgedressen, noko han blankt avviste.

Artikkelen held fram under biletet

SPENTE:  Korkje Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal og førstekandidat for Lærdal Senterparti, Aleksander Øren Heen, førstekandidat i Årdal Senterparti og nummer 4 på fylkeslista eller Gro Starheimsæter, nummer 4 på lista til Lærdal Senterparti og nummer 12 på fylkestingslista, kan skryte av å ha sove i natt.

Aleksander Øren Heen, som er førstekandidat for Årdal Senterparti, seier han skulle ha jobba for Lærdal næringsutvikling denne dagen, noko han er alt for spent til å greie. Om få timar skulle han sette retning Førde, då han også stiller til fylkestingsval og skal følga valet derifrå.  

Utanfor kommunestyresalen har det danna seg kø. Fleire spør også om kvar ein røyster til kykjrevalet, som var inne på ordførarens kontor. 

Rune Bolstad som akkurat har røysta, fortel at valet denne gongen ikkje var så enkelt som det kunne vore. 

Artikkelen held fram under biletet

RØYSTA: Svanhild Lindesteg og Per Gunnstein Gullaksen ser til at alt er som det skal i det Rune Bolstad skal avgi si røyst.
RØYSTA: Svanhild Lindesteg og Per Gunnstein Gullaksen ser til at alt er som det skal i det Rune Bolstad skal avgi si røyst.

– Denne gongen handlar det ikkje berre om parti, men om personane. Eg er spent på resultatet av kommunevalet og eg kjem til å følga med. Å skapa arbeidsplassar er viktig for bygda, det føler eg betyr mykje for dette valet, seier han. 

Det kjem ingen stemningsrapport frå valdagen i Årdal, då Porten.no ikkje fekk tillating til å fotografere inne i vallokala.

Porten.no er tilstades på valvake i både Lærdal og i Årdal, slik at du til ein kvar tid skal få med deg det siste. 

FØRSTEGANGSVELJAR: Silje Lindesteg Hagheim (18) stemmer for første gong. – Eg har jo stemt ved skuleval, og eg vissta kva eg skulle stemme denne gongen. Det blir artig å sjå kva resultatet blir, seier ho.

Til toppen