HØGREIST STOPPAR: Etter salet av Hannu Patronen har Sogndal berre to stopparar i stallen. Klubblause men velmeritterte Isaac Vorsah kan bli mannen som fyller tomrommet jarnfinnen etterlot seg. Foto:  Werner100359 ,  CC BY-SA 3.0 .
HØGREIST STOPPAR: Etter salet av Hannu Patronen har Sogndal berre to stopparar i stallen. Klubblause men velmeritterte Isaac Vorsah kan bli mannen som fyller tomrommet jarnfinnen etterlot seg. Foto: Werner100359 , CC BY-SA 3.0 .

For seks år sidan møtte han Luis Suarez i VM-kvartfinalen...

... no er midtstoppar Isaac Vorsah (28) på prøvespel i Sogndal.

Sogndal: Skadeproblem har øydelagt mykje dei siste åra, men 28-åringen som denne veka trenar med Sogndal har ei imponerande karriere å sjå tilbake på.

Isaac Vorsah kan mellom anna vise til 93 kampar for Hoffenheim i tysk Bundesliga og 43 landskampar for heimlandet Ghana. Men høgdepunktet kom i 2010.

Det året spelte Ghana seg til kvartfinalen i VM og 21 år gamle Vorsah spelte heile kampen mot Uruguay på stopparplass. Faktisk var ungguten centimeter frå å sende laget i føringa med ei heading ein halvtime ut i kampen.

Uruguay stilte med superstjerner som Diego Forlan, Luis Suarez og Edison Cavani på topp, men kampen gjekk til straffekonk før søramerikanarane klarte å avgjere til sin favør.

Det hadde hangla før òg, men skademarerittet starta for alvor med ein kneskade i 2013. Då hadde Vorsah gått til hardtsatsande FC Salzburg i Austerrike, der han var klubbkamerat med nordmennene Valon Berisha og Håvard Nielsen, samt noverande toppscorar for Liverpool, Sadio Manè.

To og eit halvt år skulle gå før han kom tilbake på bana, denne gong for Liefering i austerriksk andredivisjon, rekna for farmerklubben til Salzburg. Der fekk han i sommar ikkje fornya tillit og ghanesaren står no utan klubb.

Til NRK seier sportssjef Håvard Flo at dei er klar over historikken, men at Vorsah no skal vere skadefri.

– Han skal trena med oss til fram til fredag. Det er ingen tvil om at han har ein imponerande CV, seier Flo til statskanalen.

I løpet av heile fjorårssesongen vart det med fire kampar for spelaren som ein gong imponerte i tysk Bundesliga. No får han kanskje sjansen til restarte karriera i Sogndal.

Til toppen