Luster/Bergen: – I starten av studiet vil jo du gjerne bli kjent med nye folk, men det har jo blitt litt vanskeleg, seier Lene Teigen (19).

For Siri og Lene blei studentlivet i Bergen litt annleis enn dei fyrst hadde tenkt
Då dei pakka flyttelasset i august og sette kursen frå Gaupne til Bergen såg dei gjerne ikkje føre seg at begynnelsen på eit nytt liv i byen skulle bli så sterkt påverka av koronasituasjonen.