– For fylkesvegane er summen høgare enn forslaget frå fagetatane. Men for mykje er plassert til siste del av perioden. Så då må vi passe på at regjeringane framover følgjer opp heilt fram til 2029, seier Stig Skjøstad, administrerande direktør i NAF, i ei pressemelding.
Regjeringa vil i Nasjonal transportplan bruke 12 milliardar kroner på skredsikring på fylkesvegane. Om lag like mykje skal brukast på riksvegane.
Les også: 1,7 milliardar til rassikring i Nærøydalen
Statens vegvesen har rekna ut at for å betre dei fleste skredpunkta med høg og middels risiko, må ein opp i ein sum på 25 milliardar kroner berre for fylkesvegnettet. Av dei 12 milliardane Regjeringa har sett av til fylkesvegane, skal 4,5 milliardar brukast før 2023, medan 7,5 milliardar er sett av til dei seks siste åra av perioden.
– Totalsummen er under halvparten av behovet. I tillegg er me urolege for at to tredelar av investeringane er lagt inn i siste halvdel av perioden, seier Skjøstad.