– For tidleg å friskmelda bustadmarknaden

– For tidleg å friskmelda bustadmarknaden

Men eigedomsmeglarane merkar ein positiv tendens i Årdal.

I skrivande stund ligg det 49 bustadar til sals i Årdal på nettstaden Finn.no. Det er ei ganske så stor forbetring berre frå i haust då det på det meste låg over 60 leiligheiter og einebustadar ute.

Men framleis er det for mange. Det er eigedomsmeglarane Line Moen, Ruben Aspeseter og Torleiv Lægreid i henholdsvis Aktiv og Garanti einige om. 

Akkurat no er det 49, det er lenge sidan det har vore så lite.

Torleiv Lægreid, Garanti

– Det er klart at når det ligg 50 bustadar ute på Finn, så fortel det noko om at marknaden er treig og at det hopar seg litt opp, men det er ikkje dei same bustadane. Nokon har kanskje lege i eit år eller lengre, men veldig mange rullerer, og det kjem nye kvar einaste veka, seier Moen i Aktiv. 

– Det er ikkje noko dramatikk i det. No har me merka ein nedgang frå 60 til 50 bustadar ute. Me har leiligheiter som har lege i lange, lange tider, men det kan vera ulike årsaker til det. Akkurat no er det 49, det er lenge sidan det har vore så lite, fortel Lægreid, som jobbar i Garanti. 

Byprega kommune

Sistnemnde seier det er for tidleg å friskmelda bustadmarknaden i Årdal, men eigedomsmeglarane er einige om ting ser ut til å snu mot det positive.

Når eg ser på hovudtyngden av det einebustad gjekk for, gjekk dei fleste for 1,5 til 2 millionar.

Line Moen, Aktiv

– Generelt sett er bruktbustadomsetnaden i Årdal relativt bra. Det er mykje omsetnad på bruktbustad, noko det har vore i alle år eigentleg. Me er litt annleis enn andre kommunar. Me er litt byprega fordi me er industriprega. Me har mange leiligheiter og burettslag som det er tradisjon for at det er litt rullering på, påpeikar Moen. 

Full stopp i 2013

Frå 2010 og fram til i dag blir det seld omtrent like mange bustadar kvart år, bortsett frå 2013 der alt halverte seg. Dette kom som ein konsekvens av finanskrisa, som heile kommunen har fått kjenne på kroppen.

– I 2013 stoppa alt opp. Ser ein på åra før, så var det finanskrise i 2008 òg, men då byrja det å rulle att kort tid seinare. Det var i 2013 alt stoppa opp og talet på omsetnader halverte seg. Prisane vart sjølvsagt reduserte. Folk selde ikkje. Når eg ser på hovudtyngden av det einebustad gjekk for, gjekk dei fleste for 1,5 til 2 millionar, held ho fram.

Reduksjon i pris

Det er om lag 500 000 kroner reduksjon i prisane sett i forhold til dei andre åra, og iallfall ein nedgang etter dei gode åra 2010 og 2011, der dei selde bustadar for over 4 millionar kroner. Dette er tal karane på Garanti også kjenner seg att i.

– Viss me tenker oss ei leiligheit med rimeleg bra standard i Øyåkeren, så hadde me sal på 1,4 millionar der for fire år sidan. Dei går no for 1,1 og rundt der, seier Lægreid. 

Det verkar som det går bra med Hydro og Norsun, og det gjer folk tryggare på arbeidsplassane sine.

Torleiv Lægreid, Garanti

– Men dette har med tilbod og etterspurnad å gjere. Så fort det var ei leiligheit til sals der for fire år sidan, var det kamp med ein gong. I dag er det veldig lite folk på visningar.

Mange faktorar som spelar inn

No ser det ut til å snu. For ei tid tilbake meldte Årdal Boligbyggelag på sine Facebook-sider at Garanti hadde seld ti bustadar mellom 1. januar og 1. april i år. På same tid i fjor selde dei ni, medan året før låg talet på berre fire.

– Ei årsak kan vere at det er litt meir positive signal gjennom media med Norsun og Hydro. Ikkje at det blir skapt mange nye arbeidsplassar, men det verkar som det går bra med dei begge, og det gjer folk tryggare på arbeidsplassane sine. Slike ting er med på å styra marknaden, held Lægreid fram og legg til at spesielt ungdom er lite representert.

– Dei er veldig lite tilstades, og det er fordi det er vanskeleg få seg arbeid. Ein del går på kontraktar, og då slit dei med å få lån i banken. Ungdommar og førstegongsetablerarar er blitt ganske så fråverande dei siste åra, men tendensen synest å ha snudd litt då me har merka fleire ungdommar i marknaden den siste tida. 

Det er altså fleire faktorar som påverkar bustadmarknaden. Ein av desse er som nemnd, banken.

– Dei spelar ei store rolle ved at dei er strengare med finansiering, og det er vanskelegare å få seg lån og vanskelegare for unge å koma seg inn på marknaden. Det er mykje, mykje, mykje vanskelegare å få lån før du har seld, seier Moen. 

Eg tenker at me går lysare tider i møte. Eg føler bustadmarknaden heng litt etter sjølv om me ser at det er mykje positivt i bedriftene rundt oss.

Line Moen, Aktiv

Håpar på oppsving

Likevel håpar dei to at med utgangspunkt i signala som kjem frå næringslivet, ikkje berre i kommunen, men kanskje i Noreg generelt, der stadig fleire i oljebransjen søker jobb på fastlandet, at tidene skal bli betre.

– Me håpar at jobbmarknaden skal snu slik at me kan få dei unge tilbake. Utan ungdommen blir det ei forgubbing av samfunnet. Det er viktig for framtida til Årdal. Det må bli lettare å få seg arbeid, seier Lægreid.

– Eg tenker at me går lysare tider i møte. Eg føler bustadmarknaden heng litt etter sjølv om me ser at det er mykje positivt i bedriftene rundt oss. Eg veit om mange som vil kjøpa, men som føler dei får for lite att for einebustaden sin til at dei vel å selja, legg Moen til. 

Til toppen