INTERESSERT: Egil Erstad i Østfold Energi leiar prosjektet om å etablere hydrogenfabrikk i Dooria-bygget på Årdalstangen, men seier dei framleis er i ei tidleg fase. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Østfold Energi.
INTERESSERT: Egil Erstad i Østfold Energi leiar prosjektet om å etablere hydrogenfabrikk i Dooria-bygget på Årdalstangen, men seier dei framleis er i ei tidleg fase. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Østfold Energi.

– For tidleg å snakke om arbeidsplassar

Prosjektleiar i Østfold Energi, Egil Erstad, seier dei framleis er på granskingsstadiet når det gjeld hydrogenfabrikk i Årdal.

Årdal: Østfold Energi vurderer no moglegheitene for å etablere ein hydrogenfabrikk i det mykje omtala Dooria-bygget på Årdalstangen, skriv NRK.

Selskapet eig kraftstasjonen i Naddvik og tenkjer å nytte seg av denne krafta til å spalte vatn til hydrogen og oksygen. Dette er for så vidt ikkje ny teknologi, men det som er nytt, er at hydrogen no skal nyttast til køyretøy, som bilar og bussar.

– Hydrogen vert i dag for det meste laga av naturgass med fossil gass som utgangspunkt, men viss ein kan bruke vasskraft, vindkraft eller solkraft til å produsere hydrogen, får ein ei heilt fornybar kjede. 

– Her ser me på ulike moglegheiter, og i og med at me har ein kraftstasjon i Naddvik og eig linjenettet, var Årdal ein av stadene me skal i gong og undersøke om det er mogleg å få realisert noko. Me er i ein veldig tidleg fase, så no ser me på avstandar og transportløysingar inn og ut av Årdal, seier prosjektleiar Erstad til Porten.no.

Sjølv om det er gamal teknologi, er det først no ein har byrja å sjå på korleis ein kan nytte hydrogen til til dømes bilar, bussar, ferjer og tog for å nemne noko. 

Skil seg frå andre energiberarar

Terje Laberg i Årdal Utvikling seier timing på produksjonsstart er viktig for å treffe marknaden i det prisane og etterspurnaden er optimal. Det er naturlegvis heilt vesentleg at det er etterspurnad.

– Det som er fint med hydrogen er at det mogleggjer ei lagring av energi på ein annan måte enn med andre energiberarar. Vasskraft kan også lagrast i damanlegga, medan det er verre å lagre andre energiformer, seier Erstad.

– Timinga er viktig. For vår del er dette eit nytt område me må sjå nærare på. Me vurderer om me skal starte med ein liten pilotproduksjon, seier han.

Pilot i 2017-2018

Men dette er eit stykke fram i tid, legg han til. Som med vindkraft og solkraft, tar det gjerne litt tid før det tar av, og det er det jo heller ikkje sikkert det gjer. Fram mot nyttår skal dei difor jobbe vidare med å undersøke forholda og føresetnadene.

– Viss det framleis er interessant, går me vidare og djupare i prosjektet. Viss alt ligg til rette for det, kan det tenkjast at piloten kjem på plass i 2017-2018. 

Førebels er det for tidleg å seie noko om kor mange arbeidsplassar dette vil gje og kor mykje dette vil koste. 

Til toppen