SPRENGTE I GANG SNØSKRED: Det nye skredsystemet som er installert på fylkesveg 53 har vore i bruk tre gonger i vinter – seinast i helga. Foto: Statens vegvesen.
SPRENGTE I GANG SNØSKRED: Det nye skredsystemet som er installert på fylkesveg 53 har vore i bruk tre gonger i vinter – seinast i helga. Foto: Statens vegvesen.

For tredje gong i vinter utløyste dei snøskred med vilje

Erfaringane med Noregs einaste skredsikringssystem er fåe, men positive så langt i vinter.

Tyin: Søndag morgon utløyste Statens vegvesen det tredje snøskredet på fylkesveg 53 denne vinteren. Alt i kontrollerte rammer med det nye skredsikringssystemet som vart tatt i bruk 1. desember i fjor.

– Det har ikkje vore så mykje snø denne vinteren, så me har ikkje mykje erfaring enno om dette er normal bruk eller lite, seier Njål Farestveit, geolog i Statens vegvesen, til Porten.no.

NVE melder om svært krevjande forhold i fjellet for tida, der faren for snøskred er på det nest høgste nivået. Det var årsaka til at Vegvesenet nytta seg av systemet for tredje gang søndag. 

Sjå korleis systemet fungerer i video nedst i artikkelen.

– Det er når me ser at det bygger seg opp med snø og skredfaren aukar at me tek systemet i bruk. Me har bestilt dagleg varsel for strekninga, så me baserer oss på vurderingane som vert gjort der oppe, seier Farestveit. 

Artikkelen held fram under biletet.

Effektiv sikring av vegen

I dette tilfellet kom beskjeden frå den som gjorde vurderinga laurdag. Søndag vart vegen stengt slik at ingen skal vere i fare for å bli tatt av skredet, og så kjem eksplosjonen. Ved hjelp av dynamitt som vert detonert like over bakken, utløyser ein skredet.

– Det går ganske effektivt føre seg. Me kan jo velja om me skal sprenga eitt eller fleire punkt samstundes, men det tek ikkje lange tiden før ein kan opne att. Går alt som det skal, klarar me å ta unna alt i løpet av times tid.

Systemet vart installert i fjor sommar og haust. Mellom Tyin og Årdal finst det 13 slike tårn. Fylkesvegen er den første og einaste i Noreg med eit slikt system, og er erfaringane gode, kan ein nytte det fleire stader i landet.

Artikkelen held fram under biletet.

TRYGGLEIK: På fylkesveg 53 er det installert 13 slike tårn eit godt stykke over vegen. Tårna inneheld tolv sprengladningar, som går i lufta like før dei treff bakken og sender ut sjokkbølgjer som får snøen til rase ned.
TRYGGLEIK: På fylkesveg 53 er det installert 13 slike tårn eit godt stykke over vegen. Tårna inneheld tolv sprengladningar, som går i lufta like før dei treff bakken og sender ut sjokkbølgjer som får snøen til rase ned.

Kontinuerleg overvaking av tårna

I Austerrike og Sveits finst det til dømes om lag 300 slike tårn som sikrar veger, jernbane, bygningar og skianlegg. Kvart tårn inneheld tolv sprengladningar. Ladningane vert løyst ut av koda signalar og kan dermed fjernstyrast. Så langt er erfaringane positive på fylkesveg 53.

Det er Wyssen Norge AS som installerte tårna i området ved Stølsnøse på Oppland-sida av fylkesgrensa. Tårna befinn seg i sidebrat terreng høgt over sjølve fylkesvegen.

Kvart enkelt tårn vert overvaka kontinuerleg via systemet og er sjølvforsynt med straum gjennom solcellepanel og vindgenerator. Då er det ikkje naudsynt å leggja kablar i naturen inn til tårna. 

– Det er strenge tryggleiksrutinar for handtering av sprengstoffet og utløysinga av ladningane. Overvaking av området sikrar at ikkje menneske eller dyr kjem til skade når skreda vert løyst ut, seier Stian Langeland i Wyssen Norge AS i ei pressemelding.

Til toppen