DOBBEL FEIRING: Uravegen barnhage er 30 år i dag. Det vart feira med pølser, flagg og sang. I sentrum stod to damer som har vore med sidan starten, Aud Høgi Størdal og Astrid Strand.
DOBBEL FEIRING: Uravegen barnhage er 30 år i dag. Det vart feira med pølser, flagg og sang. I sentrum stod to damer som har vore med sidan starten, Aud Høgi Størdal og Astrid Strand.

For tretti år sidan var dei med då barnehagen vart starta

– Det er litt løge å ha hatt foreldrene her og så kjem ungane deira att.

 

Øvre Årdal: Barnepleiar Aud Høgi Størdal og pensjonist Astrid Strand var begge med då Uravegen barnehage i såg dagens lys for tretti år sidan. I dag var dei sentrum for feiringa av bursdagsbarnet.

– Det er nesten andre heimen min, seier Høgi Størdal.

Dei første ungane som gjekk her har for lengst nådd vaksen alder. Mange av dei har sjølve stifta familie og fått eigne ungar.   

– Det er litt artig å treffe dei att. Heilt sikkert. Det er ikkje alle eg kjenner att med det første. Men når dei får sagt kven dei er, så hugsar eg godt når dei var unge her, seier Strand.

– Det er litt løge å ha hatt foreldrene her og så kjem ungane deira att. Då merkar du kor gamal du er, seier ho.

Dei er begge glade for å ha fått jobba med så mange gode kollegaer og nytt tilliten til så mange foreldre.  

– Vi tek vare på det mest dyrebare dei har. Det er ein flott jobb, seier Høgi Størdal.

HISTORIETIME: Dei fleste ungane følgde godt med då historia vart fortalt om korleis barnehagen vart til. 
HISTORIETIME: Dei fleste ungane følgde godt med då historia vart fortalt om korleis barnehagen vart til. 
FULL FEIRING: Her blir Aud Høgi Størdal (nesten) kasta i lufta, i høve den runde dagen.
FULL FEIRING: Her blir Aud Høgi Størdal (nesten) kasta i lufta, i høve den runde dagen.
BÅLKOS: Pølser høyrer til når det er bursdag, sjølv om bursdagsbarnet er ein barnehage. 
BÅLKOS: Pølser høyrer til når det er bursdag, sjølv om bursdagsbarnet er ein barnehage. 
Til toppen