Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Førar av sportsbil fekk køyreforbod etter å ha køyrt i 137 km/t

Råkøyringa starta i Sogndalsdalen.

Sogndal: Politiet twitra i ettermiddag om at eit følge med utanlandske sportsbilar vart stoppa på E39, der tre av dei fekk forenkla førelegg for å ha køyrt i 106 km/t, 107 km/t og 111 km/t pluss at ein fekk køyreforbod i Noreg for å ha køyrt i 137 km/t.

Ifølgje NRK var det meldingar om råkøyring i Sogndalsdalen som starta det heile:

– Vi fekk mange meldingar om hasardiøse forbikøyringar. Det byrja å kome inn meldingar då bilane køyrde oppe Sogndalsdalen i femtida. Frå Sogndal og til der dei vart stogga fekk vi mange meldingar, den siste då dei var godt inne i Våtedalen, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord i politiet til statskanalen.

Til toppen