Håbakken: Det opplyser Statens vegvesen etter ein trafikkontroll på Håbakken i Lærdal. Den utanlandske føraren mangla yrkessjåførkompetanse og vart difor meld til politiet.
– Dette er ein pålagt kompetanse alle yrkessjåførar skal ha dersom dei køyrer mot vederlag, også når det gjeld persontransport, forklarar Gunnar Brevik, som deltok på kontrollen frå Statens vegvesen.
Yrkessjåførkurset er på 40 timar og skal fornyast kvart 5. år. I dette tilfelle var kompetansen gått ut.
– Han har førarrett til å køyre buss, men ikkje rett til å drive transport mot vederlag. Dette er ikkje snakk om eit trafikktryggleiksspørsmål, men om vedkommande har kompetansen han er pålagt til å frakte folk og last.
Dette er reglar som gjeld for heile Europa. Turistbussen har fått køyreforbod inntil ny førar er på plass.