Førar fekk saftig gebyr på Håbakken: – Her var det alvorlege brot
(Bilde: Arkiv)

Førar fekk saftig gebyr på Håbakken: – Her var det alvorlege brot

Ein førar fekk mykje av merksemda på Håbakken måndag.

Lærdal: 119 tungbilar var inne til kontroll på Håbakken måndag. 13 av dei vart plukka ut til vidare kontroll. 

I kontrollrapporten er det ein førar som skil seg spesielt ut. 

– Her var det alvorlege brot på døgnkvila og køyring utan bruk av sjåførkort, skreiv kontrollør Gunnar Brevik i rapporten. 

Føreren vart meldt til politiet for brota. 

16.000 i gebyr for manglande bombrikke

Same lastebil mangla også den obligatoriske bombrikkka. Det same gjorde den tidlegare i haust, då vart det utskrive 8.000 i bot. Denne gongen fekk transportselskapet 16.000 kroner i bot. 

Dekka på lastebilen fekk også gjennomgå. Eit av dekka hadde for liten mønsterdjupne, og førar fekk gebyr for dette. 

I tillegg til dette fekk personbil med hengar bvuksforbod. 

– Alt av lys mangla på tilhengaren, skreiv Brevik. 

Ein siste førar fekk advarsel grunna mindre brot på kviletida. 

Til toppen