STOGGA FØRAR: Ein UP-patrulje stogga ein førar i Sogndal. Han gjorde utslag på alkometer, og vert teken med til lensmannskontoret.
STOGGA FØRAR: Ein UP-patrulje stogga ein førar i Sogndal. Han gjorde utslag på alkometer, og vert teken med til lensmannskontoret. (Foto: Arkiv)

Førar gjorde utslag på alkometer i Sogndal

Må ta blåseprøve.

Sogndal: Sundag føremiddag stogga ein UP-patrulje ein bil på fylkesveg 55 i Sogndal. 

Føraren gjorde utslag på alkometer, og vart køyrd til Sogndal lensmannskontor for blåseprøve, skriv Vest politidistrikt på Twitter

Ifølgje Sogn Avis, var mannen på veg til fotballturnering med to born i bilen. 

Erik Skjerdal i UP ville ikkje sei kor høg promille mannen hadde, men opplyste ovanfor avisa at den var høg. 

– Dette er sjølvsagt alvorleg, sa Skjerdal til Sogn Avis.

 
 
Til toppen