KONTROLL: Statens vegvesen gjennomførte kontroll på Håbakken.
KONTROLL: Statens vegvesen gjennomførte kontroll på Håbakken. (Foto: Tomas Rolland / Statens vegvesen)

Førar meldt til politiet for å ikkje stogga til kontroll

Både føraren og eigar av køyretøyet blei ilagt gebyr.

Lærdal: Under ein kontroll for tungbil på Håbakken laurdag føremiddag, blei ein førar meldt til politiet for å ikkje stogga for skilta trafikkontroll.

Føraren hadde kun med seg to kjettingar, og mangle dermed fem. Vedkommande vart ilagt eit gebyr på 7 500 kroner for dette. Trekkbilen var heller ikkje utstyrt med obligatorisk bombrikke, og eigar av køyretøyet vart ilagt eit gebyr på 8000 kroner for dette.

I tillegg blei ein førar av varebil med tillete totalvekt på 3 500 kilo, pålagt å lasta om delar av lasta før vidare køyring. Då varebilen synte seg å vega 3 800 kilo.

To førarar av vogntog fekk advarselar for brot på bestemmelsane om køyre- og kviletid. Medan ein annan førar av vogntog vart ilagt eit gebyr på 4000 kroner, fordi på semitralla var to dekk målt under lovleg minimum mønsterdjupn.

Til toppen