KVILTE FOR LITE: Ein sjåfør vart meld til politiet etter ein kontroll på Håbakken torsdag. Foto: Ina Eirin Eliassen.
KVILTE FOR LITE: Ein sjåfør vart meld til politiet etter ein kontroll på Håbakken torsdag. Foto: Ina Eirin Eliassen. (Foto: Arkiv)

Førar vart pålagt å kvile 45 timar på Håbakken

Føraren hadde køyrt ni påfølgjande døgn der det maksimale er seks.

Håbakken: Føraren som vart stoppa i ein kontroll på Håbakken i Lærdal vart meld til politiet for brot på køyre- og kviletida.

Vedkommande hadde då tre tilfelle av manglande pause i køyringa. I tillegg hadde han ikkje tatt pålagt vekekvile, men køyrt i ni påfølgjande døgn, der det maksimale er seks.

Forutan at han blei meld til politiet, måtte sjåføren også gjennomføre minst 45 timar kvile på staden.

Utanom dette gav Vegvesenet eit bruksforbod på grunn av feil ABS-bremsesystem, medan ein fekk bruksforbod på grunn av overlast.

Til toppen