LAPPEN RAUK: Politiet kverrsette førarkortet til ein sjåfør då dei målte vedkommande i 129 km/t i ei 80-sone. 
LAPPEN RAUK: Politiet kverrsette førarkortet til ein sjåfør då dei målte vedkommande i 129 km/t i ei 80-sone. 

Førarkortet rauk etter å blitt målt i 129 km/t i 80-sone

Det gjekk altfor fort i svingane for ein sjåfør på riksveg 5.

Sogndal: Det melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter. Tysdag kveld hadde UP kontroll fleire stader i Sogndal, men det verste brotet på trafikkreglane vart gjort på riksveg 5 ved Amla.

Her målte politiet ein bilist i 129 km/t i 80-sona. Vedkommande vart meld og førarkortet vart kverrsett.

Tidlegare på kvelden hadde politiet også kontroll i Sogndal sentrum og på fylkesveg 55 i Fardal. Til saman gav det åtte forenkla førelegg for bruk av mobil i bilen, medan fem fekk gebyr for manglande bilbelte.

Til toppen