OPPSVING: Lerum har aldri utgjort ein større del av syltetøysalet i norske butikkar enn tilfellet var i februar. 
OPPSVING: Lerum har aldri utgjort ein større del av syltetøysalet i norske butikkar enn tilfellet var i februar.  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Forbrukarane har tala: Tidenes syltetøysal for Lerum

Lerum har fått ein kraftig oppsving etter brotet med Rema, men no kjem nedturen.

Kaupanger: I februar stod Lerum for 29 prosent av syltetøysalet i Norge, mot 23 prosent på same tid i fjor. Det skjer etter at Rema bestemte å fjerne lerumsyltetøy frå butikkhyllene.

– Me har aldri hatt så høg marknadsandel som i februar. Difor er det skikkeleg synd at me er ute av Rema, når me har hatt så god vekst, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Les også: Lerumsyltetøy ute av Rema-butikkar: – Sjølvsagt leit
Les også: Lerum må seie opp tilsette

VITJA LERUM: Før helga var Sp-toppane i fylket på besøk hos Lerum for å høyre om stoda og om den nye fabrikken dei byggjer. Frå venstre: Driftsdirektør Jan Audun Larsen, Steinar Ness (Sp), Liv Signe Navarsete (Sp) og administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.
VITJA LERUM: Før helga var Sp-toppane i fylket på besøk hos Lerum for å høyre om stoda og om den nye fabrikken dei byggjer. Frå venstre: Driftsdirektør Jan Audun Larsen, Steinar Ness (Sp), Liv Signe Navarsete (Sp) og administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Fekk Sp-besøk

Lerum har mista omlag ein tredel av syltetøyproduksjonen. Trass ein midlertidig oppsving vil det merkast etter kvart som lagera ute i butikkane blir tomme.

– No når me har slutta å levera til Rema så vil me få oss ein skikkeleg knekk. Når me mister så mykje volum vil me sjå det att på tala, seier, Hjellhaug Lerum.

Før helga hadde ho besøk av ein delegasjon frå Senterpartiet beståande Liv Signe Navarsete og Steinar Ness, dei to øvste på stortingslista før neste val.

– Eg veit kor viktig Lerum er, både for dei som jobbar her og for regionen. Det som har skjedd i vinter har gjort at dei har komne i ein vanskelegare situasjon, seier Liv Signe Navarsete, ein av mange som engasjerte seg i debatten i kjølvatnet av at bestevenstrategien til Rema vart rulla ut.

Glad for forbrukarstøtte

Ho og partikollegaen var bedriftsbesøk for å bli oppdaterte på stoda i verksemda og for å lytte til kva politisk drahjelp dei eventuelt måtte trenge. At forbrukarane har reagert med å handle lerumsyltetøy som aldri før tek Navarsete som ei gladnyheit.

– Eg tykkjer det er strålande og håpar det held fram, seier ho og legg til at ho er svært skeptisk til makta dei store kjedene sit med.

Lerumsjef Trine Hjellhaug Lerum er på si side glad for at verksemda har greidd å halde posisjonen i marknaden, sjølv om dei er på veg ut hos ein stor kunde.

– Det gir oss enno større tru på at me kan greia å komma tilbake, seier ho.

Om rundt ein månad vil Lerum ta ei avgjerd på kor mange stillingar som må kuttast som følgje av at dei er ute hos Rema-butikkane.

Til toppen