Organisasjonen vil ha flest mogleg til pumpene for å skape konkurranse som kan bevege prisane. Derfor anbefaler den folk å vere medvitne om når prisane er lågast.
Ei ny undersøking frå Forbrukarrådet viser at omtrent alle veit at prisane på drivstoff går opp og ned gjennom veka. Opp mot seksti prosent veit at det er billigast å tanke søndag til måndag, mens berre ti prosent av dei spurde oppgir at det er låg pris også torsdag.
Prisane på bensin og diesel svingar i eit fast mønster gjennom veka. Men variasjonane mellom bensinstasjonane er likevel påfallande små, meiner Gunstein Instefjord, fagdirektør for handel i Forbrukarrådet.
– Det taler for at forbrukarmakta bør slå hardare. Det er verdt å vite når det er billigast, og det må vi nytte oss av. Berre slik blir det reell konkurranse som kan bevege prisane, seier Instefjord.
Han seier prisane er lågast måndag morgon og torsdag morgon, men at prisen stig raskt etter botnnoteringane begge dagar. Også Konkurransetilsynet har merka seg trenden.
– Fyller du søndag kveld eller måndag morgon, er det bra for lommeboka og for konkurransen. Må du fylle bensin før helga, bør du fylle før den andre prisstoppen i veka på torsdagar, seier seniorrådgjevar Sigurd Birkeland i Konkurransetilsynet.