Årdal: – Den vanlegaste svindelmåten er å selje same billett fleire gonger. Det hender òg at svindlarane sel falske billettar som ikkje ein gong har vore trykt opp, seier Thomas Iversen, jurist hos Forbrukarrådet.
Han meiner det viktigaste er å ha god informasjon om kven som sel billettane.
– Det er vanskeleg å sikre seg mot dette. Det er ikkje nok med ei e-postadresse. Du må syte for at det er mogleg å få tak i personen, då er det større sjanse for å få att pengane, seier Iversen.
- Les også: Svindel med Målrock-billettar
Sommaren er festivalsesongen i Noreg og kvart år blir fleire svindla når dei skal kjøpe billettar på svartebørsen.
Alt før Slottsfjellfestivalen starta i juli i år, blei det oppdaga fleire falske billettar.
Onsdag startar Målrock i Årdal. Stiftinga har allereie vore ute og åtvara folk om å vere forsiktig med å kjøpe frå tredjepart.
– Målrock nyttar Ticketfast, som gjer at billetten blir utlevert i PDF-format. Denne billetten kan berre løysast inn éin gong, og dersom fleire kjem med same billett, vil dei bli avviste ved inngang. Me gjer og merksam på at det ikkje er lovleg å selje billettar til høgare pris enn pålydande, heiter det på heimesida deira.