STOPP: Konkurransetilsynet har sett ned foten for sal av Fjord1 til Torghatten. Foto: Fjord1
STOPP: Konkurransetilsynet har sett ned foten for sal av Fjord1 til Torghatten. Foto: Fjord1 (Foto: Pressefoto)

Forbyr Torghatten-Fjord1

Konkurransetilsynet forbyr Torghattens kjøp av eigarandelar i Fjord1. Årsaka er at kjøpet fører til ei vesentleg avgrensing av konkurransen i marknaden for drift av ferjesamband i Noreg.

Konkurransetilsynet sitt vedtak er sendt til partane i dag.

Torghattens kjøp av 50 prosent av aksjane i F1 Holding involverer dei to største aktørane innanfor drift av ferjesamband i Noreg. F1 Holding, som er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune, eig 59 prosent av aksjane i Fjord1 AS.

–  Ferjesambanda utgjer ein sentral del av transportinfrastrukturen i Noreg. Sunn konkurranse om drifta av desse sambanda er viktig for å sikra ferjepassasjerar over heile landet eit godt tilbod til lågast mogleg pris, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese gjennom ei pressemelding frå Konkurransetilsynet.

– Redusert konkurranse og auka kostnadar

Det er Statens vegvesen og fylkeskommunane som står for innkjøpa i marknaden for drift av ferjesamband. Konkurransetilsynet varsla alt i mai at dei vurderte å stoppa oppkjøpet.

–  Torghattens kjøp av eigarandelar i Fjord1 ville førd til redusert konkurranse og auka kostnadar for innkjøparane. Det kan igjen føra til høgare billettprisar og dårlegare tilbod til passasjerene, sier avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Torghatten har kome med forslag til avhjelpande tiltak for å avgrensa dei konkurranseskadelege verknadane av kjøpet. Framlegget omfattar sal av Torghatten sitt dotterselskap FosenNamsos Sjø og tiltak som skal hindra informasjonsflyt mellom Torghatten og Fjord1.

– Konkurransetilsynet har vurdert dei føreslegne tiltaka og kome til at dei ikkje fjernar tilsynet si bekymring. FosenNamsos Sjø er ein liten aktør og eit sal av dette selskapet er ikkje tilstrekkjeleg til å hindra at konkurransen i marknaden blir vesentleg avgrensa, sier Nese.

Til toppen