UVERDIG SPEL: Arnstein Menes, Fylkestingsrepresentant for Senterpartiet, og ordførarkandidat for Sp i Nye Sogndal kommune, meiner at kraftaksje-debatten mellom Sogn og Fjordane og Hordaland fylker er basert på eit uverdig politisk spel.
UVERDIG SPEL: Arnstein Menes, Fylkestingsrepresentant for Senterpartiet, og ordførarkandidat for Sp i Nye Sogndal kommune, meiner at kraftaksje-debatten mellom Sogn og Fjordane og Hordaland fylker er basert på eit uverdig politisk spel. (Foto: Nye Sogndal Senterparti / Arkiv)

MEININGAR

Fordelinga av kraftaksjane: – Protesten frå Hordaland er nytt lågmål

Det er ikkje uventa at Hordaland-politikarane protesterer på vedtaket om å overføra kraftmilliardane til kommunar i Sogn og Fjordane, men korleis protesten utartar seg må seiast å vera eit nytt lågmål. Det skriv Arnstein Menes, Ordførarkandidat for Sp i nye Sogndal kommune, i dette lesarinnlegget.

Forvaltning av kraftaksjar har vore ei aktuell sak i det siste. Ho har vorte diskutert i mange fora, og ein kan jo ha forståing for at meiningane hovudsakleg delar seg ved fylkesgrensa i dette høvet.

Bruker mennesker som brikker i politisk spel

Korleis norsk politikk ville ha sett ut om alle usemjer hadde vore etterfølgd av represaliar eller revansj, er eit aktuelt spørsmål å stille i dag. Det er mange avgjerder om nye Vestland fylke som skal avgjerast dei komande månadane, og det ligg i politikkens kjerne at ein ikkje vil bli einige om alt.

Mogleg komande leiarar og politikarar i Vestland fylke går til media og bruker ein retorikk der lokalisering av arbeidsplassar blir brukt som trugsmål på ein måte som treff tilsette i fylkeskommunen direkte. Det er ikkje greitt.

Menneske skal ikkje vera brikker i eit politisk spel på denne måten, det bør vi halda oss for gode for. Lokalisering av arbeidsplassar er sjølvsagt viktig for alle tilsette, spesielt ute i distrikta, der arbeidsplassane er meir krevjande å erstatta.

Vondt kjempast med vondt

Å kalla ein spade for ein spade er jo populært i politiske kretsar. Slik sett er det kanskje ikkje så rart at media bruker hemn-ordet når utsegn som «dette vil bli hugsa» går i same andedrag som komande avgjerder og lokalisering av arbeidsplassar.

Hemn er som kjent negativ gjengjelding, ein lovnad om at vondt skal gjengjeldast med vondt. Heilt i andre enden av skalaen av å venda det andre kinnet til. Eller å halda seg til saka, som ein helst vil forvente av norske politikarar, sjølv når kjenslene brusar.

Trugsmål om hemn eller motreaksjonar om den eine parten ikkje får det som dei vil, følgjer ikkje dei demokratiske spelereglane, og når motreaksjonane rammar tilsette i ei omstilling blir det direkte usmakeleg.

Politisk samspel i Vestland kan bli krevjande

Politikarane i Fylkestinget i Sogn og Fjordane er meir enn klar over styrkeforholdet mellom mandata til Hordaland og Sogn og Fjordane i Fellesnemnda; storleiken på fylka våre er godt kjend og treng ikkje brukast som billig hersketeknikk.

Eg vonar tonen i komande politiske diskusjonar tek ei retning som i større grad trygger dei tilsette og underbyggjer eit profesjonelt arbeidsmiljø.

Vestland treng ein god politisk kultur, men utgangspunktet ser ut til å vera krevjande.

Til toppen