Unni Metter Flete (t.v.) og Berit Kaardal (t.h.), begge psykiatriske sjukepleiarar i tilhøvesvis Aurland og Lærdal, miljøterapeut Frøydis Helland (bak) og ruskonsulent May Britt Martinsen inviterte til open dag på Doktorheimen i Lærdal i samband med markertinga av Verdsdagen for psykisk helse. Foto: Ole Ramshus Sælthun
Unni Metter Flete (t.v.) og Berit Kaardal (t.h.), begge psykiatriske sjukepleiarar i tilhøvesvis Aurland og Lærdal, miljøterapeut Frøydis Helland (bak) og ruskonsulent May Britt Martinsen inviterte til open dag på Doktorheimen i Lærdal i samband med markertinga av Verdsdagen for psykisk helse. Foto: Ole Ramshus Sælthun

«Fordi livet endrar seg»

Livskriser hjå enkeltmenneske. Eller millionar av syrarar på flukt. Så vidt spente markering av Verdsdagen for psykisk helse i Lærdal.

Lærdal: – Berre syrarane som er komne til Europa har det bra. Dei andre lever stort sett utan tak over hovudet, seier Muhammed Shaham Dandashi.

Fleire millionar syrarar er på flukt i eige land. Blant dei mange millionane syrarar som har flukta ut av landet, er over 90 prosent i naboland som Libanon, Tyrkia, Jordan og arabiske land. Og ein liten million som er i Europa. Mellom dei, Shaham Dandashi, kona og dottera.

– Alle smiler, er vennlege og gir oss råd om kvar me skal få tak i det, eller korleis me skal finna fram. Det går an å  starta livet på nytt her.  

Han og familien kom seg først til Libanon og deretter direkte til Lærdal. Alt var øydelagt i Syria; huset og bilen, jobben forsvann. Ingenting var att.

Shaham Dandashi tykkjer han har vore heldig, og fortalde om flukten deira frå Syria under markeringa av Verdsdagen for psykisk helse i Lærdal. 9.klasse på Lærdalsøyri skule, andre flyktingar og elles dei som hadde møtt opp til den opne dagen på Doktorheimen høyrde på.

– Kva er prislappen på førebyggjande arbeid innanfor psykisk helse?

Temaet for dagen var «Fordi livet endrar seg». I Syria har liva til eit heilt folk endra seg radikalt. På Doktorheimen har menneske i Lærdal med ulike utfordringar eit dagtilbod - her driv brukarane og frivillige både bruktbutikk og Eldrekafé.

Artikkelen held fram under biletet

FRÅ KOMMUNEN: Ordførar Jan Geir Solheim (t.v.), kommunalsjef  for helse og omsorg, Arne Johansen (med ryggen til) og kommunalsjef for oppvekst, Torunn Litvedt besøkte Doktorheimen under den opne dagen, her tittar dei på bruktbutikken.
FRÅ KOMMUNEN: Ordførar Jan Geir Solheim (t.v.), kommunalsjef  for helse og omsorg, Arne Johansen (med ryggen til) og kommunalsjef for oppvekst, Torunn Litvedt besøkte Doktorheimen under den opne dagen, her tittar dei på bruktbutikken.

– I snitt har eg fem-seks her om dagen, men det varierer veldig. Me har vore oppi sytten. Då var det ganske fullt her, seier miljøterapeut Frøydis Helland.

I tillegg til ho sjølv er det ein miljøterapeut til og psykiatriske sjukepleiarar på Dokthorheimen. Dei er mykje på tur med brukarane, og hadde difor rigga til ei bålpanne og ein lavvo på uteplassen for å syna kva dei driv med når dei tysdag arrangerte open dag.

Sjølve Verdsdagen for psykisk helse var eigentleg 10.oktober, men i Lærdal markerte dei altså dette to veker seinare. Då saman med den psykiske helsetenesta i Aurland.

Gjennom samarbeid har det kome på plass ein Treningskontakt som først og fremst jobbar førebyggjande innanfor psykisk helse. Fordi god fysisk helse fremjar psykisk helse.

– Det har fungert kjempebra. Tverrfagleg samarbeid er viktig i dei små kommunane våre. No må me søkja om midlar på nytt for å oppretthalda tilbodet, og målet vårt er at Treningskontakten skal bli permenant. Det har noko med å skulle setja ein prislapp på førebyggjande arbeid; det er umogleg. Og det er ei utfordring å få fram for dei som bestemmer, seier ruskonsulent i Aurland, May Britt Martinsen.

FRÅ SKULEN: 9.klasse ved Lærdalsøyri skule og flyktningar som har kome til Lærdal møtte opp på den opne dagen.
FRÅ SKULEN: 9.klasse ved Lærdalsøyri skule og flyktningar som har kome til Lærdal møtte opp på den opne dagen.

Uønska born i Sør-Afrika

Poenget med den opne dagen på Doktorheimen var for det første å gje få folk flest eit høve til å sjå kva tilbod som finst her. For det andre å gje eit innblikk i verda der heile befolkingar har det vanskeleg. 

– Temaet «Fordi livet endrar seg» kan jo vera alt mogleg, seier Frøydis Helland. 

I føredragsdelen fortalde Runar S. Skjerping om arbeidet han har vore med på i Cape Town, Sør-Afrika, gjennom prosjektet Sunshine Educare. Skjerping har utdanna seg til vernepleiar ved høgskulen i Sogndal og jobbar i organisasjonen som del av eit skuleprosjekt.

Målet for organisasjonen er å gjera liva litt betre for born i den sør-afrikanske hovudstaden.

– Det er mykje valdtekt og ingen tilgang på prevensjonsmidlar der me jobbar. Difor er mange av borna uønska og føler seg ikkje elska. Me møtte ei som vart mor då ho var elleve år og hadde fem born i ein alder av tjue, fortalde Skjerping til 9.klasse ved Lærdalsøyri skule og flyktningar som møtte fram for å høyra på.

Artikkelen held fram under biletet

PERSPEKTIV: – Det er slike augeblikk me prøver å skapa for borna i Cape Town, sa Runar S. Skjerping då han synte fram dette biletet.
PERSPEKTIV: – Det er slike augeblikk me prøver å skapa for borna i Cape Town, sa Runar S. Skjerping då han synte fram dette biletet.

– Syria ei kake mange forsyner seg av

Åtti prosent av «familiane» i området han har jobba i er singelmødre. Store deler av folket rusar seg med mykje alkohol og narkotika for å gløyma kvardagen.

– Dei fekk utdelt matpakker med tanke på borna, men det førte til at foreldra selde matpakkene for å få pengar dei kjøpte alkohol og narkotika med, fortalde Skjerping

Mellom anna det lokalt produserte stoffet «Tik», eit krystametamfetamin, er utbreidd.

– Dei kjenner ikkje svolt når dei tek det, og «treng» såleis ikkje tenka på mat. Og då tenkjer dei heller ikkje på mat til borna sine.

Vidare fortalde Skjerping at dei hadde fått eit foreldrepar til å slutta å slå borna sine.

– Då følte me verkeleg at me hadde fått utretta noko. Det set ting litt i perspektiv. 

 Etterpå foralde Muhammed Shaham Dandashi om då han og familien flykta frå Syria og enda opp i Lærdal.

Artikkelen held fram under biletet

LANG TID: Muhammed Shamam Dandashi er flyktning frå Syria og trur det vil ta lang tid før heimlandet kjem på føtene att.
LANG TID: Muhammed Shamam Dandashi er flyktning frå Syria og trur det vil ta lang tid før heimlandet kjem på føtene att.

Han forklarar situasjonen er svært vanskeleg i heimlandet no.

– Me har to valdelege partar; styresmaktene på ei side og ISIS på den andre.

– Vil det bli fred i Syria nokon gong?

– Ikkje på lang tid, trur eg. No er Syria ei kake mange prøver å forsyna seg av; russarane, grupperiongar i Iran og Irak, til dømes. Dei et kakestykkja, men vil tapa til slutt. Trur eg. 

Til toppen