UENDRA: I august 2015 stod det att ni ledige plassar ved Påbygging til generell studiekompetanse (vg3) og sju ledige plassar på Kjemiprosess (vg2). Likevel ser det ut som at Årdal vidaregåande skule får behalda sine 225 elevplassar fordelt på 12 klassar for skuleåret 2016/2017. Arkivfoto
UENDRA: I august 2015 stod det att ni ledige plassar ved Påbygging til generell studiekompetanse (vg3) og sju ledige plassar på Kjemiprosess (vg2). Likevel ser det ut som at Årdal vidaregåande skule får behalda sine 225 elevplassar fordelt på 12 klassar for skuleåret 2016/2017. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

Førebels ingen kutt i den vidaregåande opplæringa

Årdal vidaregåande skule ser ut til å sleppe unna kutt i talet på skuleplassar og klassar neste skuleår, sjølv om tilbodet ved dei vidaregåande elles i fylket står framfor kraftige kutt. 

Årdal: I samsvar med tilrådinga til fylkesdirektøren, gjekk ikkje Hovudutvalet for opplæring med endringar ved Årdal vidaregåande skule (VGS) då dei lyste ut opplæringstilbodet for dei vidaregåande skulane i fylket for skuleåret, 2016/2017, tysdag.

– Me er sjølvsagt glad for at endringane i opplæringstilbodet ikkje råkar oss, seier rektor ved Årdal VGS, Geir Kjetil Øvstetun til Porten.no.

Likevel kan opplæringstilbodet bli justert etter søkjartala for 2016 blir gjort kjende i mars 2016.

Heile åtte vidaregåande skular i fylket ligg an til å få eit redusert opplæringstilbod i utlysinga for neste år, då fylkeskommunen må spara pengar. Det gjeld Sogndal, Eid, Hafstad, Flora, Firda, Mo og Øyrane, Måløy og Stryn, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dette opplæringstilbodet er tilpassa innsparingskravet i gjeldane økonomiplan, men konsekvensar av fylkestinget sitt endelege vedtak må inn i budsjettet for 2016 og økonomiplan for perioden 2016 til 2019. 

Til toppen