Så langt i år har Statens naturoppsyn meldt inn 45 jervekull. Det er monaleg færre enn 65 kull, som dei melde inn i fjor. Likevel reknar Rovdata med at bestanden vil koma over bestandsmålet på 39 årlege kull.
Les også: Bekymra for beitesesongen
Etter vedtak frå Miljødirektoratet er det teke ut 7 av 45 kull. Rovdata.no har oppdaterte oversyn over kvar jervane er observerte. Dei 65 kulla som vart observerte i fjor svarar til om lag 340 dyr.
Dei endelege tala vert klare 1. oktober, etter Statens naturoppsyn har kvalitetssikra tala og gjort nokre undersøkingar på barmark.