KONTROLL: Torsdag ettermiddag og kveld var Vegvesenet på plass på Borlaugkrysset der dei sjekka om sjåførane fulgte opp anbefalinga om å bruke kjetting før dei starta klatringa på fjellovergangane. Det kan ha bidrege til trafikken gjekk smertefritt trass dårleg vêr. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv). 
KONTROLL: Torsdag ettermiddag og kveld var Vegvesenet på plass på Borlaugkrysset der dei sjekka om sjåførane fulgte opp anbefalinga om å bruke kjetting før dei starta klatringa på fjellovergangane. Det kan ha bidrege til trafikken gjekk smertefritt trass dårleg vêr. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv). 

Førebygging bidreg til tryggare fjellovergangar

Torsdag var Statens vegvesen på plass ved Borlaugkrysset for å sjekke om tungtransportsjåførar følgde anbefalingane i det dårlege vêret. Det kan ha bidrege til at vegane var opne. 

Lærdal: I fleire timar torsdag ettermiddag var Vegvesenet på plass ved Borlaugkrysset, der E16 Filefjell og riksveg 52 Hemsedalsfjellet møtast. 

Det var dårleg vêr med kraftig snø. Då er det vanskeleg for entreprenøren å halde svart vegbane. Førarar av tunge køyretøy vart difor oppmoda om å bruke kjetting, men ikkje alle tar seg tida til det.

– Difor valde me å reise opp dit for å sjekke om sjåførane fulgte anbefalingane slik at ingen køyrde opp Hemsedalsfjellet og sette seg fast. Det betyr at dei vogntoga me meiner ikkje klarar ei slik stigning vert sendt over Filefjell i staden, fortel Bjarke Frækaland i Statens vegvesen.

– Kunne gjort det oftare

Denne formen for førebygging ser til å fungere. Det var riktig nok eitt vogntog som sette seg fast på Hemsedalsfjellet torsdag, men det køyrde over før konrollørane var på plass. Med andre ord er dette med på å skape tryggare fjellovergangar for andre som ferdast på vegane.

– Me har vel kanskje slike kontrollar for sjeldan og kunne gjort dette oftare, men det har jo litt med korleis me jobbar. Dersom byggherre kallar oss ved ruskevêr, så reiser me ut, seier han.

Desse skapar problem

Torsdag vart 30 vogntog kontrollert. Stort sett går det fint føre seg, sjølv om det alltids er nokon som ikkje er villige til å lytte til gode råd.

– Det kjenner me, men det er jo ingen som ønskjer å reise opp riksveg 52 i slikt vêr fordi dei veit korleis det er. Mange legg på kjetting. Til dei som ikkje gjer det, seier me at dei då må vere sikre på at dei kjem seg i gong att. I slikt føre skal det berre litt slakking på farten til, så er det stopp.

Sjåførar som køyrer fast mellom aust og vest, er godt drivne på slikt føre, men det er dei som er på ein sjeldan tur det ofte vert trøbbel med.

– Det er dei som har ein tilfeldig tur og ikkje veit kva som møter dei. Dei vel gjerne å køyre riksveg 52 i staden for Filefjell fordi det er kortaste vegen til Oslo. Det er som regel dei som set seg fast.

Til toppen