Sogndal: – To ganske stygge ulukker på kort tid, då må det gjerast noko, seier Tore Frimanslund, som bur på nedsida av riksvegen på Kjørnes.
Frontkollisjonen fredag er den andre trafikkulukka på under èin månad. På tampen av august køyrde ein bil inn i ein annan bakfrå på same staden.
Frimanslund meiner svaret er å setta ned fartsgrensa forbi byggjefelta på Kjørnes, og eventuelt gjera andre naudsynte tilpassingar.
– Me er nye her, men dette er noko Kjørnes Vel har forsøkt å ta opp i mange år. Eg forstår at det er vanskeleg å få gehør for det, seier han.
Meiner fotgjengarfeltet er farleg
Frimanslund meiner avkøyrsla ikkje berre er farleg for bilistane, men òg for ungane som nyttar fotgjengarfeltet kloss ved.

– Tenk at du er så høg, og står her, seier han og set seg på huk midt i overgangen.
Han peikar mot autovernet, og viser korleis det hindrar sikta til bilistane. Frykta er at små fotgjengarar kan bli vanskelege å oppdaga, spesielt i dei travle periodane før og etter jobb.
– Det er ei 70-sone, du har tungtrafikk, du har pendling, du har trafikk frå ferja, og så skal folk svinga ned til barnehagen her. Folk køyrer av krysset ganske fort, seier Frimanslund.
– Me har sagt til våre ungar at det ikkje er trygt å nytta fotgjengarfeltet. Me har lært dei til å gå langs autovernet i staden. Slik skal det ikkje vera, me er ikkje komfortable med det, seier han.
Statens vegvesen lovar vurdering
I krysset ved barnehagen er det heller ingen fotgjengarfelt for dei som treng å komma seg over riksvegen. Dei må ta ein kraftig omveg for å komma seg til undergangen.
– Viss ungane skal sykla til skulen, så må me fortella at dei skal ta 700 meter ekstra. Det må dei sjølvsagt gjera, men kven er det som gjer det i praksis, når du kan svippa rett over der, seier Frimanslund og peikar.

Statens vegvesen seier det er politiet som skal etterforska ulukka. Dei kan eventuelt òg koma med pålegg om å gjera krysset tryggare, om det vert konklusjonen.
– Men når det har vore eit par slike alvorlege hendingar, så er det desto større grunn for oss òg til undersøka om det er noko me kunne ha gjort anleis. Utan at eg kan seia her og no kva det endar opp med, seier seksjonsleiar Eivind Yttri.
Trur problemet vil auka
Han seier at dei har gjort ein del grep for å gjera det trygt for fotgjengarane på staden, mellom anna ved å setta opp ei betongøy i midten.
– Me må sjå på totalen i krysset der, me tek med oss dei signala, seier Yttri.
Frimanslund meiner det hastar å ta grep. Trafikken berre aukar, det same gjer byggjefeltet på nedsida av vegen.
– Det er berre ungar her nede. Akkurat no er det to skulegutar som går forbi her kvar dag, men berre om nokre få år så er det eit heilt felt som får skulevegen sin her, seier han.