Foreldre kjempar for å behalde skulen

I peparkakelukt, blant glitter, knappar og filthjarter, var foreldre, besteforeldre, elevar og lærarar på plass på juleverkstad på Ljøsne skule onsdag. Der fekk dei også informert politikarane om akkurat kvifor dei vil behalde skulen. 

Lærdal: Foreldre jobbar no intenst for å redda Ljøsne skule. Onsdag hadde elevane juleverkstad på skulen, der både foreldre og besteforeldre hjelpte til. Politikarane frå kommunestyret var også invitert til både omvisning og å snakka med dei som må ta konsekvensane av ei eventuell skulenedlegging. 

Sjølv om ingenting er avgjort rundt skulestruktur, er det store innsparingar som må til dei fire neste åra. 

Vil spara på å snu på bruken av bygget

– Kvifor er det viktig for de foreldre å få visa fram skulen til politikarane?

IKKJE REELLE TAL: Elisabeth Rumohr, leiar for FAU ved Ljøsne skule, meiner det ikkje er behov å bruka 38 millionar på opprusting av skulen.
IKKJE REELLE TAL: Elisabeth Rumohr, leiar for FAU ved Ljøsne skule, meiner det ikkje er behov å bruka 38 millionar på opprusting av skulen.

– Det er sett opp at full renovering av skulen vil kosta 38 millionar, men det er gode moglegheiter til å tenkje smartare. Ved å snu om på bruken av bygget, slik at ein flyttar klasseromma til elevane frå den eldste delen av bygget med dårleg ventilasjon, over i den nyare delen av bygget, som er bygd kring 1985, kan ein spara mykje. Ein kan heller nytte den eldste delen, som er bygd på 1950-talet, til bibliotek, lærarrom og datarom, seier Elisabeth Rumohr,  leiar for foreldrerådets arbeidsutval ved Ljøsne skule (FAU).

Både skulekjøken, sløydsalen og tekstilrommet som er i kjellaren er bra slik det er. I tillegg fekk skulefritidsordninga og 1. klasse nytt påbygg kring 1990, noko det heller ikkje er behov for å gjera noko med. 

– Me foreldre er villige til å ta i eit tak og jobbe på dugnad for å bytte om på funksjonane, slik at me kan berge skulen, seier Rumohr. 

Ho meiner det er betre å behalde skulen, og i staden kutte ei stilling så lenge det er fagleg forsvarleg. 

Artikkelen held fram under biletet

JULEKONGLE: Minna Hval Ødegård, går i 2. klasse. Om ho fekk velje, vil ho bli verande på Ljøsne skule.
JULEKONGLE: Minna Hval Ødegård, går i 2. klasse. Om ho fekk velje, vil ho bli verande på Ljøsne skule.

– Skulen er så mykje meir enn berre tal

– Det er her det er flest tomter, og det blir ikkje så attraktivt å busette seg her om ein må pendle til skule. Det er også aktivitet her på kveldane i gymsalen, då skulen er samlande for heile bygda, seier Rumohr.

– Skulen fungerar godt, mange småbarnsfamiliar bur i området, skulevegen er ikkje farleg og det er vekstpotentiale her. Det er til sist eit val kva ein vil bruka ressursar på. Eg er glad at så mange som kom. Det er viktig å informere om at skulen er så mykje meir enn det tala syner, seier Ingrid Hval, i FAU.

– Me hadde begynt å pusta etter lovnadane me fekk før valet, men då dei tok til å snakka om å spara med øks ikkje ostehøvel, måtte me til å mobilisere på ny, fortel Rumohr, som legg til at det er nokre år sidan sist.

Foreldra starta tidleg og har i desse tider hatt møteverksemd neste kvar veke, for å finne moglegheiter slik at skulen ikkje skal bli så dyr å behalde. 

Artikkelen held fram under biletet

ARGUMENTERTE FOR Å BEHALDA SKULEN: Johanne Gjesdal Mo (Sp) (f.v), Ingrid Hval, FAU, Jens Reidar Ljøsne (Sp) og Elisabeth Rumohr, leiar i FAU.
ARGUMENTERTE FOR Å BEHALDA SKULEN: Johanne Gjesdal Mo (Sp) (f.v), Ingrid Hval, FAU, Jens Reidar Ljøsne (Sp) og Elisabeth Rumohr, leiar i FAU.

– Nedlegging skjer ikkje utan kamp

Minna Hval Ødegård går i 2. klasse. På spørsmålet om ho er redd for å miste skulen sin, svarar Minna at ho er pittelitt redd. Ho vil helst gå på skulen her på Ljøsne, då ho kjenner alle så godt og fordi ho har mange vener her. 

På skulekjøkenet er Kari Molde ein av besteforeldra som hjelpte til denne dagen. Ho tykkjer det er flott at også politikarane kom. 

– Dei treng å få sjå kor kjekt elevane har det her. Alt ved denne skulen er positivt, og me vil ikkje miste den utan kamp. Eg har tru på at små klassar, er bra for ungane, seier Molde. 

Artikkelen held fram under biletet

GIR SEG IKKJE UTAN KAMP: Kari Molde, er ein av besteforeldra som har møtt opp for å hjelpe til på juleverkstaden på Ljøsne skule. 
GIR SEG IKKJE UTAN KAMP: Kari Molde, er ein av besteforeldra som har møtt opp for å hjelpe til på juleverkstaden på Ljøsne skule. 

Kvalitet og stabilt tal på elevar

Tove Raa er spesialpedagog på skulen, og har sjølv gått ved same skule på 1980-talet. Ho fortel elevtalet har vore stabilt på kring 50 elevar dei siste åra, sjølv om det no er nede på 42.

– Det er frustrerande at skulenedlegging er eit forslag til innsparingar, men samstundes er det framleis håp. Både skulen og lokale er ein hjørnestein i grenda som betyr mykje. Ungane blir godt ivaretekne her og me har eit tett samarbeid med foreldre, noko som er til unganes beste. Me håpar inderleg skulen får vera med vidare, sjølv om kamelen å svelje er stillingskutt, seier Raa. 

Ho rosar foreldra til elevane, for at dei drar lasset og kampen for skulen. 

Artikkelen held fram under biletet

– FRUSTRERANDE: –  Me føler ungane blir godt tekne vare på ved ein liten skule, også med tanke på mobbeproblematikk, seier spesialpedagog Tove Raa, som her er i lag med førsteklassingen Matylda Obara på biletet.
– FRUSTRERANDE: –  Me føler ungane blir godt tekne vare på ved ein liten skule, også med tanke på mobbeproblematikk, seier spesialpedagog Tove Raa, som her er i lag med førsteklassingen Matylda Obara på biletet.

Sette pris på engasjement 

Politikarane var alle takksame for invitasjonen frå FAU og engasjementet for skulen. Både Kristen Olav Grøttebø (Ap) og Jarle Molde (H) fortel dei også gjekk på Ljøsne skule i si tid. 

KJEKT MED ENGASJEMENT: Kristen Olav Grøttebø (Ap) sett pris på invitasjonen frå FAU, noko som er nytting når ein skal i gang med skulestrukturen i kommunen.
KJEKT MED ENGASJEMENT: Kristen Olav Grøttebø (Ap) sett pris på invitasjonen frå FAU, noko som er nytting når ein skal i gang med skulestrukturen i kommunen.

– At ein kan snu romfunksjonen er fint å ha med seg når med når me skal bestemme skulestrukturen. Det er gode moglegheiter å gjera ting smartare, noko me også må ta ein runde på i partiet. Om ein vedtek å legge ned, har ein framleis bygningane. Gymsalen er også viktig for grenda, den kan ein ikkje kvitte seg med. Sjølv om kommunen er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, vil me jo ha ei best mogleg teneste til ungane, seier Grøttebø. 

Heller ikkje Høgre har låst seg til å røyste for ei nedlegging. 

– Eg har ingen problem med å sjå at dei vil behalde skulen sin. Me har stilt oss opne, og tek ikkje ei avgjerd før me ser kva som kjem i skulebruksplanen, seier Molde. 

Anders Voll Eltun (Sp), legg ikkje skjul på at han tenkjer på saka dagleg og at han tykkjer den er vanskeleg. 

– Det er lett å sjå kor viktig skulen er i grenda, og sjølv om det er kjekt å helse på både elevar og lærar, er det eit preg av alvor her. Det er vanskeleg å sette tal verkelegheita, sjølv om kommunen har kniven på strupen økonomisk. Me vil jo ikkje bygga ned noko, seier han.

– Mykje betre tilstand enn eg hadde trudd

– Eg er imponert over tilstanden på bygget. Det er mykje bra, sjølv om den eldste delen har utfordringar. Bygget ber ikkje preg av slitasje, sjølv om noko av det er gamalt. Både barn og vaksne har vore flinkt til å ta vare på skulen, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

– Er det ein moglegheit å omdisponere bygget, og heller sjå på stillingskutt for å spara pengar, slik FAU meiner?

– STORT ER IKKJE BETRE: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) tykkjer det har vore ein god dag, der han ser kor viktig grendeskulen er for miljøet og for identiteten. Tilstanden til bygget tykkjer han også er betre enn venta. 
– STORT ER IKKJE BETRE: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) tykkjer det har vore ein god dag, der han ser kor viktig grendeskulen er for miljøet og for identiteten. Tilstanden til bygget tykkjer han også er betre enn venta. 

– Me skal jo satse på elevane, så me må sjå på løysingar der me har flest mogleg lærarar på jobb. Det var ei smart løysing å ikkje bruke dei eldste romma til klasserom som i dag, men heller til andre funksjonar. No ser me kva som treng eit løft og ikkje. Bygningsteknisk er det store forskjellar i bygget, seier han og legg til. 

–  Eit viktig punkt for meg er å få folk til å flytte til bygda. Skulen er ein institusjon og eit punkt i grenda som det blir lagt eit miljø rundt. Skal me vera attraktive å flytte til er det viktig at det er kort veg til skulen, også for dei som er 6 og 7 år. 

Ordføraren er heller ikkje einig i at store fagmiljø er til det beste, men at det godt går an å ha eit godt fagmiljø sjølv om det ikkje er så stort. 

– Det er sagt full opprusting av skulen krev 38 millionar. Merkar du no det er eit gap mellom tal og verklegheita?

– Ja, eg trur FAU er inne på noko. Med omdisponering av bygget treng ein ikkje same grad av ventilasjon, noko som kan gjera skulekvardagen ein annan utan 38 millionar. Det hadde vore interessant å sjå tala på nytt og rekna på den økonomiske konsekvensen av tankane frå FAU, seier Solheim.

Etter planen skal skulebruksplan opp til politisk handsaming i juni 2016; då startar den store debatten om skule. Samfunnsdelen i kommuneplan, handlar også om korleis kommunen skal utvikle seg. Også her blir skule og kva betydning den har for grenda Ljøsne eit viktig moment. 

– Eg var klar i valkampen på at eg ønskjer tre skuler. Eg er ikkje mindre sikker i mi sak i dag. Det handlar om at det betyr så mykje for heilskapen i bygda vår. 

Til toppen