TO FAMILIEBUSTADER: Flyktningtenesta i NAV klårlegg i dette innlegget at dei to bustadene som er tenkt oppført på arealet i framkant har som føremål å husa kvar sin flyktningfamilie. Arkivfoto
TO FAMILIEBUSTADER: Flyktningtenesta i NAV klårlegg i dette innlegget at dei to bustadene som er tenkt oppført på arealet i framkant har som føremål å husa kvar sin flyktningfamilie. Arkivfoto

– Føremålet er bustader for to familiar

Flyktningtenesta i Nav har behov for å uttale seg i høve til det vi vil kalle for negativ omtale i høve framtidige busette flyktningar på Bergo i Lærdal. 

  • Endret

Flyktningtenesta i Nav har som mål å integrere flyktningane gjennom introduksjonsprogrammet og oppfølging. Det er ein føremon å busetje flyktningane spreidd i kommunen då dette legg best til rette for god integrering og minst mogeleg stigmatisering av flyktningane. 

KLÅRLEGGING: Turid Stigen Sørensen, Fagleiar flyktningtenesta, Nav Lærdal og Nav Aurland, klårlegg i dette innlegget kva som er intensjonen med dei mykje
KLÅRLEGGING: Turid Stigen Sørensen, Fagleiar flyktningtenesta, Nav Lærdal og Nav Aurland, klårlegg i dette innlegget kva som er intensjonen med dei mykje

Det er ein utfordring å finne bustad, og det er ikkje mogleg å finne bustadar på den private marknaden som står i samsvar med kommunestyrevedtaka om måltal for flyktningar i Lærdal kommune. I 2017 er måltalet å auke innbyggjartalet i Lærdal med 15 flyktningar.

I tillegg kan det kome familiesameinte som ikkje tel i måltalet. Kommunen har av den grunn sett det naudsynt å setje i gang bustadbyggingsprosjekt for flyktningar. Tomta på Bergo er vurdert som sentral og høveleg i forhold til å få hus med avgrensa kommunale kostnadar. 

Les også: Her vil kommunen byggja bustader for flyktningar

Erfaring tilseier at flyktningane må bu nær skule, arbeid og servicefunksjonar. Dei har ikkje bil og er avhengig av å gå eller sykle for til dømes å hente og levere i barnehage eller komme seg på jobb, skule og opplæring. Det er difor sentralt for god arbeidsintegrering at bustadene ligg nær Øyri. 

Flyktningtenesta i Nav vurderer at det ikkje kan føre til segregering å ha to familiebustader tett i eit område som det elles bur familiar, slik det vert framstilla i media.

Les også: Nabo reagerer sterkt på bustadplanane på Bergo

Les også: – Er det moglegheit for fortetting, så går me for det

Det er det føremålet bustadene er tiltenkt; ein familie i kvar bustad. Noko som kan føre til at flyktningfamiliane får tilhøyrsle både til byggefeltet og naboar, og til den andre flyktningfamilien. Etter kvart som familien vert kjent med kultur og normer er Flyktningtenesta si erfaring at flyktningfamiliar fungerer bra i Lærdal.

Det er i tillegg vurdert at det er større moglegheit for at flyktningar vil busetje seg i Lærdal over tid dersom dei bur sentralt, har barn på skule og barnehage, har lett tilgang på arbeid og andre sosiale arenaer. Både bustaden og plasseringa av bustaden er ein del av integreringsarbeidet, og kan påverke kor fort flyktningane vert sjølvstendige i Lærdal. 

Per juni 2017 har Lærdal teke i mot 10 flyktningar så langt i 2017. Totalt sidan 2014 har Lærdal kommune teke i mot 53 flyktningar. Det skal busettast ytterlegare 3 flyktningar til hausten. Flyktningtenesta i Nav håpar at dei to bustadane på Bergo kan bidra til at vi får busette to familiar som kan telje på måltalet for 2018, i tillegg til å fylle dei to som manglar i 2017. 

Turid Stigen Sørensen, Fagleiar flyktningtenesta, Nav Lærdal og Nav Aurland

Til toppen